Hovland enda på 11.-plass
Viktor Hovland avslutta europatour-turneringa i engelske Wentworth med ein ny runde på 70 slag, 2 under par. Han enda dermed 10 under par etter ei svært jamn turnering der han fekk 69-69-70-70, og det heldt til delt 11.-plass.
På sisterunden søndag låg han fire under par halvveges, men fekk det litt tyngre på slutten då det tok til å regne. Seks birdiar og fire bogeyar blei fasiten.
11.-plassen gir Hovland pene 1,9 millionar kroner, melder NTB. Han rykker dessutan opp på rankinglista frå 101.-plassen han hadde før turneringa.
Det blir første gongen Norge har ein golfspelar i topp 100 i verda, og det etter berre åtte turneringar som proff, ifølgje Norsk Golf.
Danny Willett van turneringa med 20 slag under par.