Nordmannen var med i kampen like bak dei aller beste under heile turneringa Han opna med ein sterk 66-runde, fire under par, torsdag. Fredag blei det 68, og laurdag par på 70 etter ein litt rufsete runde.
Men på avslutningsdagen søndag var han på topp. Fire birdiar og resten par gav totalt 13 under par etter 15 hol. Så måtte han godta ein bogey. Men nordmannen tok fram sitt aller beste og avslutta med to birdiar.
Det gav fem under par på sisterunden, minus 14 totalt.
– Det var herleg. Greitt å smake litt betre når ein speler betre siste dagen. Det er gøy, og det er ein kul måte å avslutte på. Eg ser allereie fram mot neste veke og neste sesong, med fleire av dei store turneringane, seier Hovland i eit intervju vist hos Eurosport.
Han meiner at han slo veldig bra søndag, og han trefte på litt fleire fairways.
– Eg slo veldig mange jernslag, og det var vel tre av dei som var «tap in» på birdie. Dei andre var to put for birdie, og då blir det enkelt å spele golf, seier det norske golfesset.
Hovland summerer opp sesongen slik:
– Mykje bra. Eg har vunne i år og hatt mange topplasseringar. Men eg har framleis mykje å gå på, så det er spennande. Det går opp og ned. Nokre veker kjennest det som eg kjempar i toppen, men så har eg ein periode der det kjennest som at eg kjempar for cuten, seier han.
Tour Championship er finalen i PGA-touren. Berre dei 30 beste får lov å delta. Hovland kvalifiserte seg også i fjor, men då måtte han nøye seg med ein 20.-plass.
I år gjekk han inn i turneringa som nummer 13 og kom ut som nummer fem. Ein plass han måtte dele med Xander Schauffele, men som gav 2,2 millionar dollar – 19 millionar kroner.
Patrick Cantlay vann turneringa med 21 slag under par, eitt betre enn spanske Jon Rahm.