Hopp til innhold

Iversen skuldar Bolsjunov for bløff om skade og enorme treningsdosar

LILLEHAMMER (NRK): Aleksandr Bolsjunov har ifølgje trenarane hans gått inn i verdscupen med enorme treningsdosar. Til slutt fekk han så store muskelproblem i ryggen at han må gå med eit varmebelte rundt livet. Men Emil Iversen meiner dei overdriv.

Iversen og Bolsjunov

Emil Iversen trur ikkje Aleksander Bolsjunov trenar så mykje som han seier. Ifølgje trenar Markus Cramer hadde han 96 treningstimar dei tre siste vekene før verdscupopninga.

Foto: Bildekombo/NTB Scanpix

Trønderen svarer «ja» på spørsmål om han trur Bolsjunov bløffar.

– Eg stolar ikkje på det dei snakkar om trening, skader og sjukdom. Dei er på startstreken og i veldig god form. Du er ikkje veldig skada når du vinn verdscuprenn. Det hemmar han tydelegvis ikkje, seier Iversen til NRK.

Bolsjunov inspirert av Northug

Iversen gjekk inn til ein råsterk tredjeplass på tremila på Lillehammer laurdag. Bak Hans Christer Holund på andreplass og Aleksandr Bolsjunov, som gjekk heilt til topps i rennet.

Russaren hadde eit rykk Holund ikkje var i nærleiken av å svare på i avslutninga. På oppløpet serverte Bolsjunov publikum også ein «hysje-gest». Han fortel at han var inspirert av ein Petter Northug-video han hadde sett tidlegare i veka.

Iversen hyllar hysjinga og meiner Bolsjunov nærmast viste finger til nordmennene.

– Det der får han tommel opp av frå meg. Det her trudde eg ikkje han hadde i seg, men han er tilbake i slag og viser litt fingeren til oss nordmenn. Det må me berre tole, seier Emil Iversen.

Trena 96 timar på tre veker

Men trønderen trur altså ikkje noko på rivalens snakk om treningstimar eller skade. For da Bolsjunov skuffa under verdscupen i Ruka sist helg, kom det fram at han hadde trena heile 96 timar dei siste tre vekene før renna.

Påstanden blei gjenstand for diskusjon. Allroundtrenar Eirik Myhr Nossum trudde eigentleg ikkje på talet, men la til at 96 timar på tre veker i så fall handlar om lite effektiv trening.

Den enorme treningsbelastninga har ifølgje den russiske leiren i kvart fall fått konsekvensar.

– Han har problem med musklane i ryggen. Me er veldig fornøgd med at han klarer å vinne, sjølv med desse problema, seier Russland-trenar Markus Cramer.

Har framleis vondt i ryggen

Bolsjunov berre smiler når han får høyre kva Emil Iversen seier om mogleg bløff om både skader og treningstimar.

Den russiske 22-åringen fortel at han i kvardagen nå går rundt med noko som kan minne om eit varmebelte som han har rundt magen og korsryggen.

– Det gjer framleis vondt og er forstyrrande, seier 23-åringen om ryggproblema, via tolken sin som alltid er til stades, Max Volkov.

I den siste sprintbakken avgjorde Aleksandr Bolsjunov.

Johannes Høsflot Klæbo måtte ta til takke med ein fjerdeplass på laurdagens distanse. At Bolsjunov kom til å slå tilbake var ikkje den norske skistjerna spesielt bekymra for.

Eg snakka med tolken hans her om dagen, og han sa at han hadde begynt å kvile litt. Da får du jo overskot etter 96 timar, flirer Klæbo.

Holund prøvde som i VM

Hans Christer Holund prøvde det same som han gjorde på femmila i Seefeld sist vinter. Alt på den fyrste skøyterunden sette han inn eit rykk i den tøffaste bakken og kvitta seg med Johannes Høsflot Klæbo og resten av tetgruppa.

Pallen på Lillehammer

Bolsjunov fekk revansje på Holund etter femmila i Seefeld sist vinter. Da tok han sølvet bak suverene Holund.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Men Emil Iversen og Aleksandr Bolsjunov klamra seg fast til siste slutt og dei tre gjekk saman heile skøytedelen.

I den siste lange bakken før mål, blei det for tungt for Emil Iversen å henge på.

– Eg er litt irritert. Eg var sliten i 29 kilometer. Skulle ynskje eg var litt piggare, men eg er for dårleg trent. Ikkje noko anna å seie, seier ein som vanleg ærleg Iversen.

Dermed var det berre Holund og Bolsjunov igjen. Akkurat som i VM i Seefeld, da Bolsjunov jakta Holund i fleire mil.

Men denne gongen ville russaren ha revansje.

I den aller siste sprintbakken sette russaren inn eit vanvitig rykk som Holund ikkje var i nærleiken av å fylgje.

Dermed blei rollene snudd frå femmila i VM. Bolsjunov tok årets fyrste verdscupsiger, mens Holund kom til ein andreplass.

Laster innhold, vennligst vent..
Bolsjunov
Foto: Stian Lysberg Solum

Siste nytt

  • Windingstad avslutter samarbeid

    Alpinist Rasmus Windingstad avslutter samarbeidet med skimerket Stöckli. Det bekrefter han selv på Instagram.

    30-åringen skriver at han er takknemlig for samarbeidet over de siste fire årene.

    – Det var på tide å gå videre og prøve noe nytt, spent på de kommende sesongene, skriver Windingstad.

    Han bekrefter dermed at han ikke er helt ferdig med alpinkarrieren enda, men røper ikke hvilket skimerke han kjører på kommende sesong.

    Stöckli har blant annet stjernen Marco Odermatt blant sine utøvere.

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP
  • Team Braathen avviser Hirscher-rykter: – Blir ikke noe samarbeid

    Michael Pircher er Lucas Braathens nye trener og var sjef for Marcel Hirscher i seks år. Han er likevel klar på at det ikke vil bli noe samarbeid dem imellom.

    I mars ble det klart at Braathen gjør comeback som alpinist etter en sesong på sidelinjen, men for Brasil. Hokksund-gutten har derfor måttet sette sammen sitt helt eget team, hvor Pircher er ansatt som trener.

    48-åringen ble hentet fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han blant annet hadde treneransvaret for skilegenden Hirscher fra 2013 til han la opp i 2019.

    Østerrikeren sjokkerte hele alpinverden da han annonserte comeback for Nederland tidligere i uken. Det har også skapt spekulasjoner om han og Braathen ville danne et samarbeid.

    – Det er ikke en sak for oss. Vi kommer garantert til å være i de samme skistedene, og noe vil dukke opp, men det blir ikke noe samarbeid, sa Pircher til Tiroler Zeitung, ifølge Blick.

    Trenerveteranen er tydelig på at fokuset hans nå ligger på Braathen, som skal jakte VM-gull i Saalbach til vinteren.

    – Om dagen planlegger vi opplegget, alt er fortsatt i de tidlige stadiene. Vi har nettopp funnet hverandre, sa Pircher. (NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: BARBARA GINDL / AFP
  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal