Når vossingen legg ut på etappen sin, er ho tre dagar yngre enn Anne Elvebakk frå bronselaget i 1986-VM.
Ho slår også Åse Idland i 1993-laget med ein dryg månad. Dei tre er dei einaste 19-åringane med meisterskapsstafettar for Noreg.
Debuterte med 77. plass
Hilde Fenne, dotter av VM-sølvvinnar Gisle Fenne (normaldistanse 1989), debuterte i skiskyttar-VM
.Ho får selskap av Synnøve Solemdal, Ann Kristin Aafedt Flatland og den nest eldste kvinnelege stafettløparen i meisterskap for Noreg nokon gong, VM-dronning Tora Berger (31). Lesjingen går den niande meisterskapsstafetten sin for Noreg, likt med Liv Grete Poiree, men ein bak Ann-Elen Skjelbreid og Gunn Margit Andreassen.
Medaljefavoritt
Noreg er medaljefavoritt saman med Russland, Tyskland, Tsjekkia, Frankrike og Ukraina. Tyskland er mestvinnande gjennom tidene (ti gull) og verdsmeister dei siste to åra.
Einaste norske VM-gull i kvinnestafett kom i tyske Oberhof 2004. I fjor blei det norske bronsemedaljar i Ruhpolding. Noreg har vunne to verdscupstafetter denne sesongen, Tyskland og Ukraina ein kvar. Hilde Fenne, Synnøve Solemdal og Tora Berger deltok i begge triumfane.
Mennene går VM-stafett i Tsjekkia laurdag.
- Les alt om VM i skiskyting