Hertha slapp unna nedrykk
Hertha Berlin skal halde fram i Bundesliga også neste sesong. Det er klart etter 2-0 borte mot Hamburg måndag, og 2-1 samanlagt.
Hertha stilte med eit dårleg utgangspunkt til kampen i Hamburg etter 0-1 heime i første kamp.
Men det utlikna Didryck Boyata etter berre fire minutt. Marvin Plattenhardt dobla etter 63 minutt, og heimelaget heldt unna.
Fredrik Bjørkan fekk 15 minutt for Hertha på slutten. Laget fekk også Lucas Tousart utvist seks minutt på overtid, men det bryr dei seg neppe om i kveld.
Rune Almenning Jarstein pelar også i Hertha, men er enno ikkje kampklar etter sjukdom og skade.