Hopp til innhold

I ein mørk bar i denne avkroken vart skisporten revolusjonert

Visste du at verdscupen blei oppfunnen i løpet av nokre seine kveldar i ein mørk bar i ein avkrok i Chile? Det året då alpin-VM gjekk midt på sommaren?

VM alpint 1966. Arrangert i Portillo, Chile.

Slik såg det ut i Portillo langt oppe i Andes-fjella under alpin-VM i august 1966. Det var i dei seine VM-kveldane der skisporten vart revolusjonert

I Portillo, ein stad nesten ingen hadde høyrt om før, gjekk VM i alpint i 1966. I august! Der var det eitt hotell med ein bar. Og lengst inne i den baren vart skisporten revolusjonert i løpet av nokre seine kveldar.

I moderne tid har alle idrettar sin verdscup. Alle skidisiplinar også. Men alpint var den første. Mannen bak oppfinninga var fransk og heitte Serge Lang. Og settingen var alpin-VM i 1966. På ein knøttliten stad i ein trang dal høgt oppe i Andes-fjella.

– Hadde ikkje VM vore der og då, hadde vi ikkje fått til nokon verdscup. Det hadde nok kome likevel, men ikkje før mykje seinare, sa Lang i eit intervju mange år etterpå.

Langt utanfor allfarveg

Serge Lang

Serge Lang (til høgre) er rekna som verdscupens far - her saman med Bob Beattie som også var med på å setje ideen ut i livet

Foto: STR / REUTERS

«Der og då» var på det einaste hotellet i dalen langt utanfor det som er den den tradisjonelle vintersesongen på den nordlege halvkule. Inst inne i hotellbaren møttest mennene som diskuterte Serge Langs idé utover i seine nattetimar.

Då VM var slutt, var ideen omgjort til ein historisk realitet. Diskusjonane ved bardisken hadde gitt resultat som ikkje berre revolusjonerte alpinsporten, men meir eller mindre all individuell idrett.

Lang var sportsjournalist i den store franske sportsavisa L'Equipe, med ski som spesialfelt. Han såg behovet for å utvikle alpinsporten, som på den tid bestod av enkeltrenn i Mellom-Europa. Utanom OL og VM var det stort sett enkeltståande klassikarar som Wengen og Kitzbühel som var høgdepunkta.

Inspirasjon frå USA

Inspirert av ein serie lagkonkurransar i USA våren 1964, der det vart kåra ein samanlagtvinnar, tok Lang til å gruble over utsiktene til å få til noko liknande i større skala. Alpine renn var det mange av i kjerneområdet i Mellom-Europa. Men ingen hadde sett dei i samanheng.

– Verdscupen var ikkje eit poengsystem først og fremst for media. Men eg hadde medias interesser i bakhovudet likevel. Ikkje minst dekninga i tv, som på den tid var eit nokså nytt massemedium, skreiv han sjølv lenge etterpå .

Med gryande profesjonalisering av alpinsporten vart det behov for stadig fleire konkurransar. Lang fekk avisa si med på å sponse ei samanslutning av nokre av desse renna i sesongen 1965/66. «Trofée de L'Equipe» vart delt ut på bakgrunn av eit poengsystem for nokre av renna i Sentral-Europa.

Ville ikkje få pressa mot seg

Men Serge Lang var ikkje nøgd. Han ville ha det meir offisielt og omfattande. Og han såg for seg eit system som i seglsporten, der dei lenge hadde hatt eit poengsystem bygt på plassering i kvar seglas. Og han ville ha med mest mogeleg av Europa og Nord-Amerika.

– Eg hadde snakka med tre andre journalistar om dette – tre som eg visste ville støtte meg og som ville legge tyngde bak realiseringa, sa Lang. Ein av dei var kollega i L'Equipe, ein annan var redaktøren av Ski Magazine i New York, og den tredje var ein tv-journalist i Austerrike.

Andre journalistar og media var han usikker på, og han våga ikkje å ta sjansen i tilfelle han skulle få avisene mot seg.

V-cup-frøet sådd i Kitzbühel-løypa

Men under treningskøyringa før Hahnenkamm-utforrennet i Kitzbühel i januar 1966 diskuterte han ideen med sine gode vener Bob Beattie, direktøren for USAs alpinlandslag, og den franske lagleiaren Honoré Bonnet. Begge hadde sterk påverknadskraft i det internasjonale skimiljøet.

Dei tente på Langs tankar, og frøet vart eigentleg sådd der og då. Der vart ideen så konkretisert at Lang tok til å planlegge grundig utover våren.

– Vi sto berre hundre meter unna løypa i Kitzbühel, på «Hinterseer Farm» omtrent midtveges nede i traséen, så vi kan vel seie at ideen vart grunnlagd der den skulle, sa Lang.

Utover våren og sommaren hadde Serge Lang konkretisert ideen. Og det var då tid og stad låg til rette for å gå vidare med tankane.

Alpin-VM i august: – Perfekt

Portillo Chile

Slik ser det ut i dalen der Portillo ligg. Innsjøen Laguna del Inca ligg 2853 meter over havet, og i fjellheime rundt er det ikkje mindre enn 35 skiheisar

Foto: Macarena Collell

Alpin-VM i 1966 var heilt spesielt fordi det var i Chile. For første og hittil siste gong var eit ski-VM på den sørlege halvkule.

Der er det vinter når det er sommar i nord. Derfor vart VM arrangert i august. Og meisterskapet gjekk i Portillo, ein knøttliten landsby i ein dal på nesten 3000 meters høgde i Andesfjella, berre nokre få kilometer frå grensa mot Argentina.

Strevsamt var det å kome dit, og det fanst berre eitt einaste hotell der aktive, leiarar og mediefolk måtte vere.

– Det var heilt perfekt til å lansere tanken og få den formalisert så raskt som mogeleg. Det var nesten ingen utanforståande i området, og det gjekk an å arbeide fritt. Hadde det vore i Kitzbühel i januar, hadde det vore altfor mykje styr til at vi kunne gjere det vi fekk til i Chile, sa Lang.

– I Portillo skjedde det absolutt ingenting utanom i løypene og på hotellet, sa Lang.

Samling i baren

Baren på Hotel Portillo
Foto: skiportillo.com / Privat

Etter middagen var det relativt stille i hotellbaren under VM-dagane. Der tok Lang kontakt med dei han meinte var nøkkelpersonane. Som internasjonal ski-journalist i storavisa L'Equipe gjennom 20 år kjende han alle som talde i skisporten.

Hans tre medsamansvorne var den franske landslagssjefen Honoré Bonnet, den amerikanske trenaren Bob Beattie og den austerrikske lagleiaren Sepp Sulzberger. Dei skisserte planene i løpet av nokre kveldar i ein krok i baren.

Lang hadde under prosessen også kontakt med nokre av dei beste alpinistane på den tid, som Jean-Claude Killy og Karl Schranz. Overalt fekk han positive tilbakemedlingar.

Spent møte med presidenten

Marc Hodler

Marc Hodler var FIS-president og skisportens mektigaste mann i heile 47 år, frå 1951 til 1998. Hans støtte var avgjerande for at verdscupen vart eit faktum under VM i Chile

Foto: AP

Seint ein kveld var planane komne så langt at Lang og dei andre meinte dei tolte å kome fram i lyset. Spente tok dei kontakt med FIS' mektige og ofte einerådande president Marc Hodler – framleis i den same baren.

Han fekk sjå planene og trekte seg litt tilbake.

Neste dag – også det i baren – kom tilbakemeldinga frå FIS-presidenten til Serge Lang: – Når vil du at eg skal kome til presserommet og kunngjere opprettinga av verdscupen?

Lang og medhjelparane hadde vunne. Skisportens mektigaste mann støtta verdscup-ideen.

Dermed var den historiske nyskapinga eit faktum: 11. august 1966 var verdscupen offisielt skapt. Midt i Andesfjella, langt frå nærmaste by og tusenvis av kilometer frå Alpane – og midt på den europeiske sommaren – var verdscupen eit faktum.

Inspirert av VM-finalen

Namnet «World Cup» var også Langs verk.

– Det datt ut av meg nærmast utan at eg tenkte over det i ein samtale med Bob Beattie. Begrepet var nyleg etablert i samband med fotball-VM i England, og det passa som hand i hanske på den alpine verdscupen, sa Lang.

Finalen i fotball-VM 1966 var spela mindre enn ei veke før alpin-VM opna.

Med mektige Marc Hodlers støtte gjekk det raskt å få på plass organisasjonen for verdscupen, og det aller første rennet gjekk i tyske Berchtesgaden 5. januar 1967.

Suverene Jean-Claude Killy

Jean-Claude Killy

Jean-Claude Killy var beste alpinisten i verda på slutten av 60-talet, og var suveren i den aller første verdscupsesongen. Her frå OL i 1968, der han vann alle tre øvingane

Foto: Keystone / NTB scanpix

Heinrich Messner vart den aller første vinnaren av eit v-cup-renn. Han vann slalåmrennet i Berchtesgaden føre Jules Melquiond.

Men det var Jean-Claude Killy som vann cupen samanlagt første året. Verdas suverent beste alpinist på slutten av 60-talet vann 12 av dei 17 renna den første sesongen. Han hadde nesten dobbelt så mange poeng som nummer to. Killy vann også sesongen etterpå, same vinteren som han tok fire av fire mogelege VM-gull under OL i Grenoble. OL talde nemleg også som VM i dei dagar.

Kanadiske Nancy Greene var den første kvinna som vann eit verdscuprenn i alpint. Det skjedde i Oberstaufen. Ho vann også samanlagt etter hard kniving med Marielle Goitschel frå Frankrike.

Fann opp også super-G

Første sesongen var cupen uoffsisiell, ettersom det heile gjekk for fort til at FIS-kongressen rakk å behandle det. Men sommaren 1967 vedtok kongressen å gjere verdscupen offisiell – med tilbakeverkande kraft, slik at 1967-sesongen også talde med.

Resten er historie, som det heiter. Verdscupen i alpint vart raskt ein suksess, og etterkvart tok også dei andre vinteridrettane opp tråden.

Lang sjølv administrerte den alpine verdscupen i mange år. Han får også æra for å ha funne opp super-G, slik at fartskøyrarane skulle kunne konkurrere med slalåm- og storslalåmspesialistane i verdscupen. Super-G kom på programmet i 1983.

Han døydde i 1999, 79 år gammal. Han fekk hjarteslag då han oppheldt seg i Frankrike for å skrive memoarane sine.

Protestar mot Potillo-VM

VM i Portillo er elles verd eit kapittel for seg. Det vekte ramaskrik i alpinverda då FIS i 1963 valde staden som arrangør av VM tre år seinare. Ingen hadde lyst på VM når det er sommar i Nord-Amerika og Europa, og dei som leitte godt på kartet, fann ut at Portillo låg nokså avsides til. Og dessutan svært høgt oppe i tynnlufta.

Amerikanske interesser hadde satsa stort på å byggje ut det som til då hadde vore ein lokal skistad, og dei hadde marknadsført seg sterkt før FIS-kongressen 1963, der dei lukkast med å få fleirtal.

Presset for å få FIS til å omgjere vedtaket førte ikkje fram, derfor blei det august-VM nesten 3000 meter over havet.

Nesten katastrofe før prøve-VM

Investeringane til anlegg og infrastruktur var store, men like før prøve-VM i 1965 gjekk det veldig gale.

Ein uvanleg kraftig storm øydela det meste som var bygt opp, og dei som hadde reist til prøve-VM, var innestengde i fleire dagar. Då veret roa seg, måtte dei gå på ski i opptil tre mil for å kome seg til nærmaste jernbanestasjon.

Men arrangørane nekta å gi frå seg VM. Dei klarte å byggje anlegget opp igjen, og under perfekte tilhøve vart VM gjennomført i august 1966.

I dag er Portillo ein vintersportsstad som satsar på luksus-skiferie, og det ligg nær ein av dei viktigaste vegane over Andesfjella, mellom Chiles hovudstad Santiago og den argentinske vinbyen Mendoza.

Men det var kveldane i baren på hotellet Andes-fjella som skreiv vesle Portillo inn i verdshistoria. Og at alpin-VM gjekk i august.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal