Etter ein tam første omgang fekk Polen ein draumestart på andre omgang då Arkadiusz Milik kombinerte fint på kanten. Ballen kom tilbake til Milik på 16-meteren og han sende den polske fansen til himmels med ein markkrypar i det høgre hjørnet.
Polen er med i sitt tredje strake EM, men stod med seks kampar utan siger før dagens oppgjer.
– Milik vert matchvinnar i sin første EM-kamp, summerer opp NRKs radiokommentator, Peder Mørtvedt.
- FÅ FULL OVERSIKT OVER ALLE KAMPANE HER:
Sjansefattig første omgang
Arkadiusz Milik og Bartosz Kapustka skapte Polens to einaste sjansar i første omgang. Den største hadde Kapustka, som sende den nord-irske keeper ut i full strekk, etter ein volley frå 16 meter.
Nord-Irland vart med det EMs andre lag som gjekk til pause, utan å ha fått eit einaste skot på mål. Til pause var stilliga 10–0 til Polen, på skotstatistikken.
- Les også:
Nord-Irlands største sjanse kom då Conor Washington sprang frå det polske forsvaret, og kom aleine med keeper frå skrått hald. Men ei dårleg ballberøring gjorde at keeper kom ut og snappa ballen.
– Det er tøft kjempa av Nord-Irland, men det polske laget har rett og slett betre kvalitetar i laget. Polen gjorde jobben og har fått ein god start på meisterskapen, seier Mørtvedt i si oppsummering.