OL- og VM-gullvinnar på 100-meter, Justin Gatlin, dukka nyleg opp i TV-showet «Kasupe!» i Japan.
I ein video publisert på sosiale medier spring amerikanaren inn til ei 100-metertid verda aldri har sett maken til.
34-åringen suser over målstreken til 9,45, og knuser Usain Bolts verdsrekord-tid på 9,58 sekund.
Langt over tillatt maksgrense for vind
Problemet er bare at sprinteren har vindkanoner i ryggen heile vegen, som gir Gatlin ny ekstremfart gjennom heile distansen.
Ifølge Yahoo.com hadde viftene ei vindstyrke på 8,9 meter i sekundet. Det tilsvarar nesten liten kuling.
– Han hentar mange tidelar med hjelp av vinden får. Utan vind er han nok ikkje bedre enn 10,2 akkurat no. Så at han har 8,9 sekundmeter vindstyrke i ryggen stemmer nok, seier tidlegare sprinter John Ertzgaard.
Tida vil sjølvsagt ikkje bli godkjent nokon stad, men Gatlin lukkast i alle fall i forsøket med å oppnå ei vanvittig 100-metertid om ein skal tru tidtakaren i videoklippet.
– Det er lov å ha opptil to sekundmeter i ryggen på 100-meter. Har du over det blir ikkje løpet godkjent, seier Ertzgaard.
– Trur du på det du ser i videoklippet?
– Eg går ut frå at det er ekte. At han startar på riktig strek og går i mål på riktig strek. Det er jo eit show. Japanarar har jo tidlegare hatt mange morsomme forsøk med tidlegare sprintkanoner som for eksempel Carl Lewis, seier Ertzgaard.
– Høyrer meir heime i eit japansk TV-show enn på friidrettsbanen
34-åringen er kanskje friidrettens mest mislikte mann på grunn av sin store doping-CV.
I 2001 blei Gatlin utestengt i to år for amfetamin. Han hevda den positive testen kom på grunn av eit medikament han hadde tatt sidan barndommen, på grunn av ADHD, og straffen blei redusert.
I 2006 ble Gatlin utestengt i fire år for testosteron. Han har alltid hevda sin uskyld. Forklaringa hans er at ein massør smurte ein krem med det ulovlige middelet på ryggen hans.
Ertzgaard er ein av dei som meiner at amerikanaren ikkje har noko å gjøre på ein friidrettsarena.
– Eg synst ikkje så mykje om han. Gatlin høyrer meir heime i eit japansk TV-show enn på konkurransearenaen, seier Ertzgaard.