– Det blir seigt. Eg håpar eg har noko igjen å spurte med når vi kjem til toppen, seier Kristoff til NRK like etter at han har testa VM-løypa for aller første gang.
I bakken før mål vil feltet strekke seg ut, og det blir truleg avgjørande for Kristoff å sitte mellom dei ti fremste rytterane som når bakketoppen først.
Det kan han ikkje garantere, sjølv om han er ganske trygg på at han er sterk nok til å posisjonere seg godt før finalen, som endar med 600 meter spurt i slak motbakke.
– Spania har ni mann på laget, og dersom dei køyrer hardt vil dei splitte opp feltet. Men dette er ei rundløype med så lange strekk at det skal vere mogleg å hente inn igjen laga som prøver å køyre av spurtnasjonar som Tyskland, Frankrike og Norge, seier Kristoff.
Sjefen: – Kristoff soleklart best
Landslagssjef Stig Kristiansen står fortsatt på at den siste bakken ikkje er for hard for Kristoff.
– Eg står enno for det eg har sagt tidlegare: At vi vil at det skal vere hardt. Det er i slike løyper vi har sett Kristoff avgjøre det tidlegare, seier Kristiansen.
– Eg ser på Kristoff som soleklart best i feltet når det kjem til sånne avslutningar, seier landslagssjefen.
Fryktar regnet
Men regnveret som er meldt søndag er ei utfordring seks mann store Norge ikkje ønskar velkommen.
– Det vil splitte opp feltet enno meir, seier Kristoff.
– Det er utfordringa vi ikkje ønskar oss. Det vil gjøre løpet endå hardare, med fleire velt, seier Kristiansen.