Den 25 år gamle Ford-føraren var på veg ut av ein sving då det gjekk gale. Bilen fekk skrens, før både Evans og kartlesar Daniel Barritt låg opp ned.
Som ein ser i videoen øvst går det rundt heile tre gonger, før bilen til slutt stoppar opp like ved eit tre mange billengder ned ein skrent.
Når bilen først får landa er Evans og Barritt kjapt ute med å stadfeste at begge har det bra. Litt skaka, men utan fysiske skader.
Østberg på fjerdeplass
Rally Portugal er kjent som ein krevjande del av verdsmeisterskapen i rally. Etter andre dag var det finske Mikko Hirvonen som tok teten.
Hirvonen tok leiinga frå verdsmeister Sebastian Ogier på den siste av dei seks fartsprøvene. Hirvonen er 3,7 sekund framfor estiske Ott Tänak og 6,5 sekund framfor franske Ogier.
Mads Østberg er òg godt med etter fredagen. Han er 25,6 sekund bak finnen og ligg på ein førebels fjerdeplass.
Like bak nordmannen følgjer spanske Dani Sordo – som leia Rally Portugal etter tre fartsprøver.
Østberg: – Feil dekkval
Østberg sjølv omtalar dag to i Portugal som ein grei dag.
– Eg synest vi starta bra og kom oss gjennom dei vanskeleg forholda. Det var også bra i ettermiddag, men feil dekkval gjorde at vi tapte litt for mykje tid, sa Østberg ifølgje NTB.
Han seier at både han og teamet var overtydde om at harde dekk ville fungere best. Det gjorde det ikkje.
– Men det positive frå ettermiddagen er at vi heldt tilnærma likt tempo som Ogier, og han køyrde også på harde dekk.
Walisiske Evans var ikkje den einaste som kolliderte i Portugal. Østberg-kollega i Citroën, Kris Meeke, Matti Latvala og Robert Kubica måtte alle bryte rallyet etter krasj.
Solberg punkterte
Henning Solberg har blitt køyrt av og ligg på sjuandeplass etter sju av 16 fartsprøver – 1.42,3 bak Hirvonen. Han tapte om lag eit halvt minutt på grunn av ei punktering.
– Eg køyrde ganske fort i starten. Punkteringa kom på ei rett strekning, så eg veit ikkje kva som skjedde, sa han ifølgje rally-VM sin nettstad.
Den siste nordmannen i rallysirkuset, Andreas Mikkelsen, var nummer tre etter fartsprøva torsdag. Fredag gjekk det derimot ikkje like bra for Volkswagen-føraren.
Samanlagtfiraren er no nummer ni i Rally Portugal.
– Eg må byggje opp sjølvtilliten min igjen. Eg må bruke hovudet og gradvis køyre fortare, sa nordmannen som rulla rundt og måtte bryte Rally Mexico sist månad.