– Mi største bekymring er at det skal bli kronisk. Det er det som er verst, seier Johannes Høsflot Klæbo til NRK.
Han snakkar om skaden som har plaga han i rundt fire månader. På spørsmål om han fryktar at denne sesongen kan ryke, svarer han bekreftande. Men fredag bestemde Klæbo seg for å starte laurdag.
– Det har vore eit vanskeleg val, men no har eg bestemt meg for å teste i morgon. Eg har moglegheiter til å teste hamstringsmuskulaturen når eg først er her oppe, og då vel eg å gjere det, seier Johannes Høsflot Klæbo i ei pressemelding.
Men kva er eigentleg problemet?
Senetrøbbel
Landslagslege Ove Feragen forklarer at skaden sit i området der ei sene festar hamstringsmuskulaturen i høgrebeinet til bekkenet.
– Hamstrings består av fleire musklar og det er eit senefeste i området der. Muskulatur er godt blodsirkulert og blir lækt mykje fortare. Sener har lite blodtiførsel og blir lækte saktare ved skadar, seier landslagslege Ove Feragen.
Feragen påpeikar at dei aller fleste blir friske på eit eller anna tidspunkt av seneskadar. Dei har likevel erfaring med at det at slike skadar kan ta tid.
– Men det er veldig sjeldan det blir kroniske skadar, seier Feragen.
Han fortel at dei fleste blir bra i løpet av tre til seks månader. No har det gått rundt fire månader utan at Klæbo har vorte friskmeld.
– Det er veldig vanskeleg å seie om det tek 12 veker, 17 veker eller om det tek endå lengre tid. Det er veldig vanskeleg å seie når skaden oppstår. Det har vi erfart opp gjennom at det er ikkje så lett å spå framover, seier Feragen.
Han seier at Klæbo må vere sikker på at skaden toler å gå for fullt før han gir full gass. Det verste som kan skje er at skaden kan bli meir langvarig.
Tøffe vurderingar
Klæbo har no ekspertise, både frå Skiforbundet og den amerikanske fysioterapeuten sin Megan Stowe, rundt seg for å finne ut av kva som er risikoen for at skaden kan bli kronisk.
Han ønskjer å finne ut kva som er risikoen ved å gå ein heil sesong med litt smerter samanlikna med det å ikkje gå nokre renn i vinter.
– Eg orkar ikkje å sitje på den stolen her neste år og snakke om at eg framleis har vondt i hamstringen. Då må eg finne på noko anna, seier Klæbo.
Då NRK snakka med landslagstrenar Arild Monsen torsdag var han ganske sikker på at Klæbo at kom til å gå laurdag og søndag.
Han forstår at Klæbo fryktar kronisk skade. Men Monsen ser ikkje det som sannsynleg at sesongen kan ryke.
Sjølv har han vore nøydd til å fjernstyre Klæbo denne hausten sidan Klæbo har køyrt sitt eige opplegg i høgda.
– Det er ei utfordring. Det er ikkje noko å leggje skjul på, seier Monsen.
Klæbo har ikkje køyrt økter med landslaget sidan august. Sjølv har Monsen vore på besøk i Trondheim to gonger.
Han fortel at Klæbo denne veka har køyrt ei tøff veke for å teste kroppen. Det vart køyrt tøffe økter både måndag og torsdag før Klæbo skulle bestemme seg for om sesongopninga skulle gå utan han.
Vurderer tysk lege
Klæbo vurderer no fleire moglegheiter for behandling utanlands. Det gjeld mellom anna den kjende tyske legen Hans-Wilhelm Müller-Wohlfahrt, tyskaren som behandla Warholms strekkskade i sommar i München.
– Vi har i alle fall alternativ på bordet. Ønskjer ikkje å gå i detalj på kva dei er, men München er absolutt eit alternativ. Det er fleire òg, seier Klæbo.
Klæbo henta hjelp utanfor apparatet til landslaget allereie då han hyra inn den amerikanske fysioterapeuten Megan Stowe.
– Kvar enkelt utøvar kan gjere det for så vidt. Men vi forventar alltid at vi er involverte og delaktige når andre behandlarar blir involverte. Det har vore veldig ryddig, seier Feragen.
Han avviser ikkje at Müller-Wohlfart kan vere aktuell dersom Klæbo ønskjer å bli behandla der.
Ove Feragen påpeiker at situasjonen kunne vore verre dersom skistjerna hadde drive med ein annan idrett.
– Det hadde vore verre om han hadde vore friidrettsutvar og skulle springe. Det er han lenger unna enn det å gå ganske fort på ski, seier Feragen.