Hopp til innhold

Heiberg trur russisk OL-tropp blir halvert

RIO DE JANEIRO/OSLO (NRK): Gerhard Heiberg spår at halvparten av dei russiske utøvarane blir utestengde før OL. Til no er 115 av 387 ute i kulda.

Gerhard Heiberg

KRITISK: Gerhard Heiberg har vore kritisk til russisk OL-deltaking. Sjølv om kritikken har stilna noko, meiner han framleis at fleire bør bli utestengde.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– No har alle dei 28 særforbunda levert inn sine lister på kven dei vil sleppe inn. No er det opp til oss å bestemme kven som skal få delta frå kva forbund.

Det seier Gerhard Heiberg då NRK møter han på plass i OL-byen. Han påpeikar at det er den internasjonale olympiske komité (IOC) som til sjuande og sist bestemmer kven som skal få delta ei deira leikar.

Sjølv om dei internasjonale forbunda altså har godkjent utøvarar puljevis, vil IOC no ta ein siste vurdering på absolutt alle.

– Me har ei tremannsgruppe som jobbar dag og natt fram til laurdag for å bestemme kven som skal få delta, og kven som ikkje får delta.

Den gruppa var nedsett på søndag, og har med det kort tid før leikane byrjar på å stenge ute dei siste utøvarane

– Eg er heldigvis ikkje med i den tremannskommisjonen, ler Heiberg

Halvering

Men det er altså sannsynleg at endå fleire russarar forsvinn frå OL. Heiberg har tidlegare uttalt at alle russarar burde bli utestengd, men har moderert seg noko.

– Utgangspunktet var 387 utøvarar, og eg trur me kjem ned mot 50 % av det.

– Vil det seie at IOC er strengare enn særforbunda?

– Det får vi se på laurdag, seier Heiberg.

– Eg var opprinneleg i mot at me i det heile skulle ha russarar, men etter samtalar med mange kollegaer komme fram til at det som kom frå vårt styre er akseptabelt.

Heiberg presiserer at alle som blir utestengde, blir det på sakleg grunnlag.

– Det dreiar seg om dopinghistoria, og kva me har som underlag. Det gjer med i samarbeid med idrettens voldsgiftsrett (CAS), men det er me som treff den endelege slutninga.

Varslarnekt

IOC Russia

FÅR IKKJE DELTA: Sjølv om ho er store delar av grunnen til at den systematiske dopingen i Russland blei oppdaga, får Julia Stepanova ikkje delta i OL.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Julia Stepanova er ein av grunnane til at den systematiske dopingen av russiske utøvarar blei oppdaga. I lag med ektemannen varsla ho om dei enorme regelbrota i russisk idrett.

Sjølv om IOC-president Thomas Bach tidlegare har sagt at han er djupt takknemleg, får ho ikkje delta i OL. Det tykkjer Heiberg er synd.

– Eg må seie at eg har stor forståing for ho. Dei som har jobba med det frå oss har sagt at me må skjere alle under ein kam, og sidan ho har blitt teken for doping tidlegare skal ho ikkje få delta. Eg har forståing for begge partar, og skulle gjerne sett ho stille til start.

– Er du bekymra for ein signaleffekt at ein blir straffa sjølv om ein varslar?

– Ja, det spørsmålet forstår eg veldig godt. Eg treng ikkje sei noko meir om det, avsluttar Heiberg med eit smil.

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal