Under verdscupavslutninga i Arosa var den norske veteranen heilt suveren, og slo Sabine Hauswirth med tre minutt og 18 sekund. Tredjeplasserte Sara Lüscher var over fem minutt bak.
– Eg har ikkje tidstap i dag, og er veldig godt nøgd, seier Hausken Nordberg til orientering.no.
– Eg var fast bestemt på å ikkje tenke på at løpet gjekk så høgt oppe. Eg opna bevisst roleg for å kome inn i teknikken, sa 39-åringen etter løpet i over 2000 meters høgde i dei sveitsiske Alpane. Ho kom til Arosa så seint som kvelden før løpet.
Hausken Nordberg gjekk til topps i o-ringen i sommar, men i verdscupen er det sju år sidan sist ho gjekk til topps.
– Eg er motivert til å prestere også i resten av helga, seier ho.
Silje Ekroll Jahren vart nummer seks.
To menn også på pallen
Stort dårlegare gjekk det ikkje for dei norske i klassen for menn. Verdscupvinnar Daniel Hubmann frå Sveits avslutta med siger på heimebane, men Carl Godager Kaas og Olav Lundanes vart nummer to og tre, 2.14 og 2.44 bak.
– Det er herleg med ei stadfesting på at eg kan vere med i toppen internasjonalt på slutten av ein sesong som haer vore under pari for min del, seier Kaas til orientering.no. Han tok si beste verdscupplassering i karrieren.
Hausken Nordberg enda på åttandeplass i verdscupen, der svenske Tove Andreassen gjekk heilt til topps. Mari Fastin enda på 10.-plass.
Olav Lundanes kom på tredjeplass i verdscupen for menn, med Magne Dæhli på sjette. Dæhli vart nummer åtte i dag.
Verdscupen blir avslutta med mellomdistanse laurdag. Søndag er det sprinstatfettar.