Haaland-show i sesongpremieren

Erling Braut Haaland held fram der han avslutta for Borussia Dortmund sist sesong.

Jærbuen kunne notere seg to mål, då Dortmund vann 3–0 over Borussia Mönchengladbach i sesongpremieren i tysk Bundesliga.

Første Haaland-mål kom på eit iskaldt straffespark etter 54 minutt, etter at Giovanni Reyna først hadde gitt heimelaget 1–0.

Haaland la på til 3–0 etter fantastisk kontringsfotball. Han sprang nærast heile bana i rekordfart og fekk servert ballen på sølvfat frå Jadon Sancho. Den ballen dunka han kontrollert i mål.

Sancho såg også ut til å ville ta straffesparket, men det var til slutt Haaland som fekk æra.

– Ja, det stemmer. Han laga mål i sist kamp. Eg hadde ein god følelse i dag og det var veldig fint å score. Sommer prøvde å kome seg inn i hovudet mitt, men han hadde ikkje sjanse. Det var eit vakkert minutt, sa nordmannen til Viasat etter kampen.

I sesonopninga var også publikum tilbake på Signal Iduna Park.

– Det var fantastisk. Eg har sakna dette, og det gav oss ekstra energi. Vi vann dette saman, sa ein smilande Haaland.

Bundesliga - Borussia Dortmund v Borussia Moenchengladbach
Foto: Leon Kuegeler / Reuters

Siste nytt

  • Berge-straffe sjokkerte Liverpool

    Sander Berge scora på straffe og gav Sheffield United leiinga mot Liverpool på Anfield.

    Men Roberto Firminio utlikna like før pause, og Diogo Jota sette inn 2-1 midt i andre omgang.

    Berge spela heile kampen og fekk eit gult kort på slutten.

    (Video med løyve frå TV 2)

  • Brann framleis i trøbbel

    Heller ikkje i heimekampen mot Stabæk makta Brann å vinne. Det enda 1-1, etter at Oliver Edvardsen gav Stabøk leiinga, og Kristoffer Barmen utlikna.

    Det er sjuande kampen på rad utan siger for Brann, som ligg på plassen rett over kvalikplassen.

    I august slo Brann Stabæk 2-0 borte, den einaste sigeren sidan Kåre Ingebrugtsen overtok som trenar.

    Kåre Ingebrigtsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB
  • Singh senket Start

    Med et skudd fra rundt 16 meter scoret Harmeet Singh kampens eneste mål etter 52 minutter da Sandefjord slo Start 1-0 i en eliteseriekamp i fotball i Kristiansand lørdag kveld.

    Sing-scoring for Sandefjord
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal