Granerud missa rennet igjen
Halvor Egner Granerud blei for andre dag på rad slått ut i hoppkvalifiseringa, og mister hopprennet i Ruka søndag.
Granerud hoppa berre 106 meter og blei nummer 58 i kvalifiseringsomgangen.
Alle dei andre nordmennene kvalifiserte seg, men var eit stykke nede på lista. Daniel Andre Tande var nr 17, Robert Johansson 30, Fredrik Villumstad 32, Anders Fannemel 34, Marius Lindvik 41 og Johann Andre Forfang 43 i kvaliken.
Rennet tek til klokka 16.15.
Heller ikkje laurdag greidde Granerud kvalifiseringa. I sesongopninga sist helg blei det ein første- og ein tredjeplass på verdscupvinnaren frå førre sesong.