NRK Meny
Normal

Graham Hansen med brist i kneskåla

Caroline Graham Hansen har pådratt seg ein ny kneskade og klubben melder at sesongen skal vere over.

Finjord

NY SKADE: Caroline Graham Hansen har i lengre tid slite med kneet, nå er ho igjen ute med kneskade.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det var i søndagens cupmøte med Bayern München Graham Hansen blei liggjande igjen på bakken etter ei takling.

Omfanget av skada har vært ukjent, men etter MR-undersøkingar denne uka er det nå klart at ho har fått ein brist i kneskåla. Ifølgje klubben er sesongen over.

Laster Twitter-innhold

Mistar eventuell meisterligafinale

Trenar Ralf Kellerman seier han tek nyheita om skada svært tungt. Graham Hansen er blant lagets mest sentrale spelarar.

– Det er veldig synd for Caroline personlig og for oss som lag er det svært bittert. Ho har nettopp kjempa seg tilbake frå skade. Ho er ennå ung og eg håper ho blir raskt frisk, seier han til womanssoccer.de.

NRK har vore i kontakt med faren til Hansen, som kan bekrefte at dottera har fått beskjed om at sesongen er over.

Han fortel at ho i alle fall må gå på krykker og med skinne i tre til fire veker. Dermed går spissen glipp av både den tyske cupfinalen og ein eventuell meisterligafinale som kan gå mot landslagskollega Ada Hegerberg og hennar klubb, Lyon.

Caroline Graham Hansen har ikkje svart på NRKs førespurnadar ennå.

Landslagsspissen mista i fjor VM med kneskade og har i lengre tid slite med «jumpers knee».

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Chris Froome vann og leiar

    Chris Froome stakk åtte mil før mål og vann dagens fjelletappe i Giro d'Italia med tre minutts margin. Han overtok også leiartrøya frå Simon Yates som kollapsa totalt.

    Froome leier no med 40 sekund på Tom Dumoulin som no er nr 2.

    Rittet blir avslutta søndag.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Ruud møter Jordan Thompson

    Casper Ruud skal møte australske Jordan Thompson (24) i første runde i Roland Garros-turneringa i tennis. Thompson er rangert som nummer 85 i verda. Kampen går måndag eller tysdag.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP
  • Sagosen og Myrhol på stjernelaget

    Sander Sagosen og Bjarte Myrhol er begge tatt ut på stjernelaget i inneværende sesongs mesterliga i håndball. Stjernelaget ble annonsert i forkant av helgens Final 4-sluttspill i Köln, der vinneren av årets mesterliga på herresiden skal kåres.

    Bjarte Myrhol
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag