– Eg vil presiere at det er like stort for ei jente å vinne Champions League, som det er for ein gut. Det er ikkje noko skilnad. Det er det største du kan gjere som fotballspelar, seier Ada Hegerbeg, som vann meisterligaen med Lyon i mai.
Real Madrid startet med mesterligaen med en knepen 2-1 siger over Sporting Lisboa etter mål av Christiano Ronaldo og Alvaro Morata på overtid.
JOVIAL: Ada Hegerberg beskriver seansen med Christiano Ronaldo som kul. (Foto: Gerd Stolsmo)
I slutten av august poserte Hegerberg saman med Ronaldo på prisutdeling i Monaco.
– Men det blei ikkje nokon selfie med Ronaldo, det var det andre som tok seg av, smiler Ada Hegerberg til NRK.
Årets kvinnelege fotballspelar i Europa sesongen 2015/16 har ingen grunn til å bli «starstruck» i møtet med Real Madrid-stjerna.
21-åringen er i Molde for å spele EM-kvalifiseringskamp mot Kasakhstan på Aker stadion torsdag og mot Israel i Ulsteinvik måndag.
– Ein kul seanse
NRK møter 21-åringen på fjelltur i trolske omgjevnader i romsdalen.
Det er berre ni mil til heimstaden Sunndalsøra. Det var der fotballeventyret starta.
Eventyret som så langt blei toppa med meisterligatriumfen for Lyon i mai.
– Eg har fått mange spørsmål om korleis det var å møte Ronaldo. Først og fremst var eg veldig stolt over å få vere der. Å ta imot trofét var stort, seier Ada Hegerberg til NRK.
Real Madrid-stjerna og sommarens europameister med Portugal har fått kritikk for egoistisk og usportsleg oppførsel, men overfor norges kvinnelege fotballstoltheit viste 31-åringen seg frå si beste side.
– Han var ein veldig sympatisk type. Vi veksla nokre ord om sesongen. Han var veldig sjølvsikker, roleg, jordnær og hyggeleg. Det var ein kul seanse, held Hegerberg fram overfor NRK.
Men sjølv om det aldri blei ein selfie med fotballstjerna, var andre i familien meir frampå.
– Det var mamma som fiksa bilete saman med han. Han var på veg ut, men mamma klarte å få han tilbake. Ho spurte han eit spørsmål og då kom han, ler Hegerberg om mor Gerd Stolsmo som bekreftar historia.
– Ronaldo var på veg ut, men eg tenkte eg ville ta bilde saman med han. Og kjekk og grei var han, seier Gerd Stolsmo til NRK, som fekk Adas agent Dietmar Ness til å knipse bildet som blei noko uskarpt.
USKARPT: Det blei ingen selfie, berre eit uskarpt bilete tatt av Ada Hegerbergs agent Dietmar Ness. F.v Ada Hegerberg, Gerd Stolsmo og Christiano Ronaldo.
– Vil gjenskape prestasjonen
Ho sat på første rad under pris-utdelinga, og har saman med pappa Stein Erik Hegerberg vore tett på datteras fotballkarriere sidan byrjinga i moderklubben Sunndal.
Førre sesong blei det trippel, med både serie - cup og meisterligagull for Lyon. I tillegg scora ho 54 mål på 34 kampar for den franske klubben.
Men dagen etter prisutdelinga var det «business as usual» for Sunndal-jenta.
– Eg var raskt tilbake i kvardagen etter prisen. Dagen etter var det viktig å gjere ei god trening. Berre for å vise at eg er der eg skal vere. Eg kjem til å jobbe hardt for å gjenskape ei slik stund, seier Hegerberg.
PS! Norge har allereie klart å kvalifisere seg til EM-sluttpspelet i Nederland neste år. Difor har kvalik-kampane mot Kazakhstan i Molde og mot Israel på Høddvoll måndag ingen betydning.