Hopp til innhold

«Seig» veg tilbake for Filip Ingebrigtsen: – Veldig slitsamt mentalt

Ein vond akilles gjorde at Filip Ingebrigtsen (29) mista både VM og EM. På veg tilbake etter skaden erkjenner han at dei to siste sesongen har teke på mentalt.

Filip Ingebrigtsen

SPRING SMERTEFRITT: Filip Ingebrigtsen var godt fornøgd med comebacket i helga, der han testa hælen på 5 kilometer under Drammen halvmaraton.

Foto: Jann Post / NRK

Det verste var eigentleg fram til VM, for då prøvde og prøvde eg, og visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Eg lova meg sjølv at eg skulle prøve å gjere det eg kunne for å komme meg med, men så gjekk ikkje det, fortel Filip Ingebrigtsen til NRK.

Han la ein ny plan, men heller ikkje EM-deltaking i august gjekk. Akillesen var for vond.

Det har vore seigt og teke veldig lang tid. Det har jo jamt og trutt på ein måte vorte betre, men det har teke lang tid altså, meiner han.

Filip Ingebrigtsen

BRAUT: Filip Ingebrigtsens førre løp denne sesongen var 5000 meter under Bislett Games. Då braut han.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det blir veldig slitsamt mentalt å gå sånn lenge, legg Sandnes-løparen til.

Comebacket: – Fantastisk

Han har ikkje sprunge med piggsko sidan meisterskapen i sommar røyk, men søndag gjorde 29-åringen comeback då han stilte på fem kilometer under Drammen halvmaraton. Det vart ein fjerdeplass, med tida 14.03.

– Det var fantastisk, sjølv om det er tungt når ein må komme litt i gang. Men eg er veldig fornøgd med korleis akillesen var og at eg kan springe smertefritt, fortel Ingebrigtsen.

Filip Ingebrigtsen

STJERNE: To glade medaljeutdelarar i Drammen fekk med seg eit bilete med Filip Ingebrigtsen.

Foto: Jann Post / NRK

Storebror Henrik var også på plass, ikkje i, men ved løypa.

Eg ser han manglar ein del reint teknisk i forhold til å verkeleg kunne springe fort. Når Filip er i form så ser det så elegant og estetisk bra ut. I dag manglar han det litt, jobbar litt mot seg sjølv og er litt ueffektiv i steget. Eg trur dette er noko bra å byggje vidare på, fastslår Henrik Ingebrigtsen, som også har fått det meste av konkurransesesongen spolert av skade.

– Prøver å vere smart

Friidrettssesongen syng på siste verset, men Filip Ingebrigtsen håpar å få testa seg i eit par baneløp før han for alvor ser fram mot neste sesong.

– Korleis er motivasjonen?

– Folk må berre passe seg, seier han og gliser.

Det står ikkje på motivasjonen, men det er klart at ein set meir pris på å vere frisk og skadefri når ein har gått så lenge eg har gjort no, seier Filip.

For også førre sesong vart tøff for utøvaren med både EM-gull frå 2016, og VM-bronse året etter.

I fjor gjekk rett til helvete med sjukdom heile året, sjølv om eg sprang 3.32 (på 1500 meter) og 7.34 (på 3000 meter), så vart det ingen kraftig sesong. Allmenntilstanden var ekstremt dårleg heile året, forklarer Filip Ingebrigtsen.

Filip Ingebrigtsen

NEDTUR: Filip Ingebrigtsen tok seg ikkje vidare frå 1500-kvaliken i OL, i det som var ein trøblete sommar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vil ikkje vere middelmåtig

I vår og tidleg sommar kjende han seg langt piggare, og treninga gjekk som ho skulle saman med veslebror Jakob. Han trur han veit årsaka til den nye nedturen.

Totalbelastninga blir høgare enn ho har vore på eit år. Eg prøver å vere smart. Eg blir ikkje yngre med åra, og må ta ein kalkulert risiko. Eg kan ikkje berre gunne på og håpe at det går bra. Eg må vere fornuftig og kjenner eg har vore det heile vegen, men av og til er ein litt uheldig og får noko drit som det. Ein typisk løpeskade, seier han om akillesen.

Også for Henrik sit problemet i hælen, men han meiner det er ein nerve som gjer at han har fått trena langt mindre enn ønsket den siste tida. Likevel er motivasjonen for endå eit år på plass. Eit år der det ikkje berre skal vere Jakob som sikrar familien medaljar.

Planen er at alle tre stiller til start neste år og er konkurransedyktige, men når vi pushar så hardt vi gjer, så er marginane små og risikoen høg. Vi har ikkje lyst til å sikre inn middelmåtige resultat, seier Henrik Ingebrigtsen.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal