Glesnes vann - Deila tapte
Jakob Glesnes spela heile kampen då Philadelphia slo David Beckhams Inter Miami 2-1 i turneringa «MLS is back» i natt. Philadelphia har vunne begge sine kampar hittil, og er klar for utslagsrundane.
For New York City, med Ronny Deila som trenar, gjekk det ikkje like bra. Dei tapte 1-3 for Orlando, og har tapt begge sine kampar. Dermed må dei slå Inter Miami måndag for å ha sjanse til å gå vidare.
«MLS is back» er eit gruppespel som skal leie fram til sluttspel med cuprundar. MLS-sesongen er avkorta og endra på grunn av pandemien.