– Det er veldig stort. Det er første gong Glassverket skal vera med i dette selskapet. I fjor var vi også i kvalifiseringa og klarte det ikkje, då var det herleg å klare det i år, seier trenar Geir Oustorp.
For kroatiske Podravka er ikkje kven som helst. Sidan 1993 har laget vunne 22 ligameisterskap og 21 cuptitlar i heimlandet, i tillegg vann dei meisterligaen i 1996.
– Det var jamt og stillinga var 12–12 til pause. Det siste kvarteret var vi veldig gode og det var til slutt ingen tvil om kven som var det beste laget, seier Oustorp.
I andre omgang scora Glassverket 16 mål, medan dei berre fekk sju i mot.
Knalltøff motstand
I gruppespelet møter dei tyske Thüringer, franske Metz og Buducnost frå Montenegro.
– Vi er veslesøster i dette selskapet, men vi får prøvd oss på eit nivå vi aldri har prøvd oss på før, seier Oustorp.
For medan Glassverket speler andrefiolin i norsk handball, bak storlaget Larvik, er laga dei møter i gruppespelet av ein heilt annan kvalitet. Thüringer har vunne den tyske ligaen dei seks siste åra, Metz har 19 seriemeisterskap dei siste 27 åra, medan Buducnost har vunne serie og cup ti år på rad og gått til topps i meisterligaen i 2012 og 2015. I 2015 slo dei Larvik i finalen.
– Metz er eit ungt fransk lag så dei skal vi gje kamp. Dei to andre blir tøffe, men det vert kjekt å prøva oss mot dei beste, seier trenaren.
Ikkje økonomisk gullgruve
Om Rosenborg hadde tatt seg til meisterligaen tidlegare i sommar hadde millionane rulla inn på konto til fotballklubben. Slik vert det ikkje for Glassverket.
– Det er heller ei utgift, men får ein gode TV-avtalar og slik kan det gje litt inntekter for klubben. Det er ei heilt anna verd enn fotball, seier NRKs handballekspert, Øystein Havang.
På herresida er Elverum det einaste norske innslaget i meisterligaen.