– Ja, det vil det gjere, stadfester styremedlem i Norges skøyteforbund, Marcel Vanberg, overfor NRK.
Det norske forslaget til kongressen i det internasjonale skøyteforbundet (ISU) i Sevilla første veka i juni byggjer på det Vanberg kallar EM-modellen.
Det vil seie at annakvart år skal VM vere eit enkeltdistanse-meisterskap, og annakvart år samanlagt-meisterskap der allround og sprint skal arrangerast i same arrangement. Stemnet skal gå over fire dagar.
EM-modellen
For EM var denne modellen sett i verk for to år sidan. Men VM skal ha motsett syklus, slik at distanse-VM går i åra før og etter vinter-OL, samanlagtmeisterskapa i dei mellomliggande åra.
Føremålet er uansett å redusere talet på skøyte-VM frå tre til eitt kvar sesong.
– Dermed får vi plass til fleire verdscuphelgar, og det er viktig for oss, seier Vanberg.
Før ISU-kongressen i 2016 forslo Norges Skøyteforbund å ha eit VM over ei heil veke, der både samanlagt og distansar skulle få plass. Men den gongen blei saka utsett. No har Norge moderert sitt forslag.
– No har vi vedtatt og prøvd denne modellen i EM, og vårt forslag er i prinsippet det same, bortsett frå at det er utvida til fire dagar, og har litt større fleksibilitet.
Slutt på 125 år lang tradisjon
Det vil i så fall bety brot med ein lang tradisjon. For sidan 1893 har det vore arrangert allround-VM kvart einaste år bortsett frå i samband med dei to verdskrigane.
– Bakgrunnen er at det trengst ei opprydding i meisterskapsstrukturen. Hurtigløp har fleire meisterskap enn dei andre skøytegreinene i løpet av ein sesong, og det er det vi vil gjere noko med, seier Vanberg.
Både Nederland og ISU sjølv har liknande forslag som skal behandlast på kongressen.
– Då vi sende inn vårt forslag, visste vi ikkje kva andre som kom. Det betyr at om vi ser at nokon av dei andre forslaga er betre, kan det hende at vi går for det, seier Vanberg.
Rett før avreise til kongressen skal NSF ha leiarmøte for å diskutere sakene som skal opp.
– Då kan det hende at vi får beskjed om kva vi skal gå for.
– Men uansett er konklusjonen at NSF går inn for eit forslag som betyr at det blir berre eitt skøyte-VM for senior kvart år?
– Ja.