– Det er j***g kjipt å sjå at mykje av vinteren går fløyten, seier Gangnes.
Det var under trening i K90-bakken i austerrikske Stams at uhellet var ute for Norges beste hoppar førre sesong.
Han hamna bakpå etter eit hopp på 111 meter.
– Kom høgt inn for landing. Eg mista kontroll på kor langt det var igjen ned. Eg landa med så stort trykk. Knea vrei seg rundt, seier Gangnes.
– Det var heilt pyton-vondt. Du kan sjå for deg at kneet nesten går ut av ledd, legg 27-åringen til.
«Husmortrim» i vente
Gangnes rauk korsbandet i venstre kné. To gangar tidlgare har han hatt korsbandskade i høgre kné. No ventar ein ny, tung opptreningsperiode.
– Det er kjedeleg når du har lyst til å gjøre spensttrening, hoppe og kose deg, men må i staden drive med husmortrim, seier hopparen.
Gangnes tok individuelt sølv og laggull under VM i skiflyging førre sesong. I tillegg tok han ni pallplassar i verdscupen, der ein av dei var førsteplass.
Ser fram mot OL i 2018
Til vinteren skulle han ha deltatt i VM i Lahti.
– Eg antar at VM går fløyten. Men det er ikkje usannsynleg at eg får med meg slutten av sesongen. Det må vi ta etter kvart.
– Kor tungt er det at ditt første ski-VM går fløyten?
– Det er jævlig kjipt, men det kjem eit OL neste år som er større. Eg har lyst til å vere hundre prosent klar til det. Erfaringsmessig er eg sterkare etter ei opptreningsperiode enn eg var før, seier Gangnes.