– Det er ein lekker tittel, seier mannen som har hatt ein stor sesong i verdscupen. – Eg har hatt NM-gull i draumane lenge.
Han la grunnlaget med 131,5 meter i første omgang, og leia med 15,5 poeng på Fredrik Bjerkeengen.
131,5 meter vart det også i andre omgang. – Det hoppet var nok hakket betre, sa Gangnes. – Dessutan er eg i form, og då fungerer det meste i alle slags forhold.
– Det var fortent. Det er rett mann som står øvst, seier landslagssef Alexander Stöckl.
Til Japan i morgon tidleg
Beste hoppet i finaleomgangen hadde Johan Andre Forfang med 133 meter. Det gav sølv, men heile 11,2 poeng bak Gangnes. Andreas Stjernen tok bronsen.
I morgon tidleg skal hopparane til Japan der det er verdscuprenn i Sapporo komande helg. Der toppar Norge laget, i motsetnad til ofte tidlegare.
– Det er fordi alle løparane har lyst, sjølv om det er ei lang og slitsam reise, seier Stöckl.
– Eg vil fighte så lenge som mogeleg i verdscupen, seier Gangnes, som ligg på tredjeplass der.
– Og så gjeld det nasjonscupen, seier Stöckl. Den leiar Norge rundt 200 poeng føre Tyskland. – Men det er ikkje så mykje.
Hopprennet vart avvikla i tjukt snøver og på eit føre NRK-ekspert Anders Jacobsen kalla lim. Spesielt ille var det i starten av første omgang då to hopparar fekk null poeng for sine hopp.
Diska etter hoppdress-trøbbel
I andre omgang vart også Daniel-Andre Tande og Joachim Hauer diskvalifisert for feil på hoppdressane. Det likte ikkje landslagssjef Alexander Stöckl.
– Men det er kontrollørane som måler, og reglane er der. Dette er eit renn som går litt fram og tilbake med forholda, og skjerpinga er ikkje heilt som den skal vere
– Dette var kjedeleg. Eg hadde sjanse til å kjempe om medalje, seier Tande, som låg på tredjeplass etter første omgang. – Dressen må ha sklidd litt ned etter at eg stor på målaren, og så blir det ein eller to millimeter for lågt.
– Veldig kjipt, seier Hauer, nummer 6 etter den første omgangen.