Hopp til innhold

Fryktar millionar går tapt for nordmenn når pokernettstad forsvinn

Fleire pokerspelarar fortviler etter at den største nettstaden i verda for pokerspeling forsvinn frå den norske marknaden. Dei fryktar mange nordmenn vil miste millionar av kroner.

Poker

POPULÆRT: Poker er eit populært spel, også blant nordmenn.

Foto: REUTERS

Det er ei nyheit som vi fekk med sjokk og som kjem til å få ein stor påverknad for mange, seier president i Norsk Pokerforbund, Tobias Jelsa Leknes til NRK.

For tidlegare denne veka spreidde nyheita seg i miljøet om at «PokerStars» trekkjer seg ut av den norske marknaden 26. oktober. Sida er kjent som den største nettstaden i verda for pokerspel og har turneringar både på nett og ulike stader i verda.

Tobias Leknes, tre ganger norgesmester i poker

BEKYMRA PRESIDENT: Tobias Jelsa Leknes er den nest mestvinnande spelaren gjennom tidene, i det som blir rekna for å vere den mest prestisjetunge online turneringsserien. – Skal eg kunne konkurrere vidare blir eg nøydd til å flytte utanlands, seier han.

Foto: Privat

Eg har hatt utruleg mange førespurnader. Det er mange som er veldig usikre på kva som kjem til å skje framover.

Mange har ulike spørsmål. Det er veldig mykje pengar mange nordmenn har inne på denne sida her, fortel Leknes.

Norske bankar har ikkje lov til å overføre pengar til og frå pengespelselskapa som opererer ulovleg i Noreg, og det er berre Norsk Tipping som har lov til å tilby nordmenn kasinospel og oddsspel på nettet.

Kor mykje pengar kan gå «tapt» for norske spelarar her?

Eg kan ikkje gi deg noko godt anslag. Eg har personleg ein ganske stor sum der inne. Eg veit at også mange andre av kollegaene og vennene mine har mykje pengar. Det er ikkje nødvendigvis sånn at det kjem til å gå tapt, men det er ein vanskeleg prosess å få det ut, svarer Leknes.

Han er sterkt usamd med den norske spelepolitikken, og ønskjer endringar, men trekkjer fram andre utfordringar enn potensielle pengetap.

Det er mange som no må vurdere om ein har lyst til å flytte utanlands for å kunne halde fram med å livnære seg av poker eller halde fram med hobbyen sin, meiner Leknes.

Eg er forbanna

Pokerpresidenten påpeikar at «PokerStars» er ein proff og erfaren aktør og er bekymra for at avgjerda kan føre til overgang til spel hos mindre seriøse spelaktørar.

Kjersti Antonsen har sjølv delteke i ei rekkje NM og er det ho kallar hobbyspelar.

Kjersti Antonsen

HOBBYSPELAR: Kjersti Antonsen er misfornøgd med pokertilbodet.

Foto: Privat

Det betyr at det blir vanskelegare for meg. Eg synest det er synd, og eg er forbanna. Spelepolitikken er bakstreversk, fordi vi er i 2023, fastslår Antonsen, og trekkjer fram at poker er eit ferdigheitsspel og ikkje er basert på flaks.

– Det er dessutan lærerikt og utruleg sosialt, og så får norske styresmakter spelarane til å nesten kjenne seg som kriminelle i Noreg fordi ein ønskjer å utøve sporten sin. Poker er lovleg i dei fleste land i verda. I Noreg har vi heldigvis endeleg fått lov til å spele poker NM ein gong i året, men å øve på poker – det skal altså ikkje vere lov. Forstå det den som kan, legg ho til.

Kayhan Mokri lever av å vera pokerspelar, og vann nyleg 9 millionar i European Poker Tour.

– Det er sjølvsagt veldig trist, for mykje av inntektskjelda, som eg også betaler skatt av – ho forsvinn, seier han.

Kayhan Mokri

POKERSPELAR: Kayhan Mokri.

Foto: PRIVAT

Mokri meiner at «PokerStars» er ein av dei mest seriøse aktørane, og skjønner ikkje tankegangen bak avgjerda om at dei må forlata Noreg. Han meiner at det ikkje vil stoppa folk frå å spela.

– Konsekvensen av dette blir ikkje nødvendigvis at folk sluttar å spela, men då heller ty seg til andre leverandørar som då heller tilbyr spel på kreditt og i skjul og langt frå regulert på noko vis, meiner han.

Lotteri- og stiftelsestilsynet vil ikkje kommentere om dei har hatt direkte dialog med «PokerStars», men opplyser at dei er eitt av fleire selskap som tilbyr pengespel i Noreg utan løyve som no vel å trekkje seg frivillig ut av den norske marknaden.

– Det er vi positive til, seier konstituert avdelingsdirektør for pengespel i Lotteritilsynet, Tore Bell.

Ønskjer debatt

Førre veke var det NM i poker ved Gardermoen, med 3436 deltakarar i løpet av veka. Det er også det einaste lovlege poker-tilbodet i Noreg.

Vi kjem definitivt til å sende spørsmål både til kulturministeren og ta kontakt med Lotteritilsynet. Så håpar vi at dette kan reise ein debatt om kva slags vilkår vi skal ha for pokerspelarar i Noreg. Det er ein tankesport som er populær og det er veldig mange nordmenn som har dette som hobby, og også som leveveg, seier pokerpresidenten.

Espen Uhlen Jørstad

POKERPROFF: Espen Uhlen Jørstad stakk av med 100 millionar kroner då han vann poker-VM i fjor. No kan det bli vanskelegare for nordmenn å kvalifisere seg til store turneringar, fryktar Norsk Pokerforbund.

Foto: AP

Leknes forklarer at det finst ulike løysingar norske spelarar for å få utbetalt pengane sine frå «PokerStars», men at uvissa akkurat no er stor.

Eg er kanskje mest bekymra for dei mange hobbyspelarane der ute som ikkje har eit kontaktnettverk og kunnskap om alternative måtar å få ut pengar på. Dette går utover så utruleg mange, meiner Leknes.

Det er klart dette får konsekvensar. Eg har pengar på «PokerStars». Det er pengar eg ikkje kjem til å realisere. Eg har berre småtteri, og det er pengar eg klarer meg utan, seier Antonsen.

Lotteritilsynet informerer om at dei ikkje kan hjelpe spelarar som speler hos selskap som tilbyr pengespel ulovleg i Noreg.

Pengar som går til og frå spelselskap utan løyve i Noreg har ein stor risiko for å bli stoppa av betalingsformidlingsforbodet. Forbodet blir handheva av bankane og blir stadig meir effektivt, kommenterer Bell.

Siste nytt

  • Kraftig smell for Ajer – måtte byttes ut

    Brentford-forsvarer Kristoffer Ajer fikk et ublidt møte med knottene til motstander Alex Iwobi mot slutten av førsteomgang – og gikk ned for telling.

    Nordmannen kom seg etter hvert på beina, men måtte byttes ut. TV-bildene viste at det rant blod fra nesa til 26-åringen.

    Premier League-kampen mellom Brentford og Fulham pågår fortsatt. Det står 0-0 i London.

    Premier League - Brentford v Fulham
    Foto: John Sibley / Reuters
  • Straus' Bayern München vant sjette strake seriegull

    Bayern München vant 2-1 borte mot Leverkusen og forlenget dermed rekken med seriegull i kvinnenes Bundesliga til seks.

    Seieren betyr nemlig at laget til den norske treneren Alexander Straus ikke lenger kan tas igjen foran sesongens to siste kamper. Det skiller sju poeng ned til Wolfsburg på 2.-plass.

    Bayerns kvinnelag er ubeseiret i 37 ligakamper, og de er også klare for den tyske cupfinalen, hvor de møter Wolfsburg på torsdag.

    (NTB)

    Bayern München trening
    Foto: Johan Nilsson/TT / NTB
  • VG: Andersen åpner for overraskende retur

    Inge Andersen er spilt inn som nytt styremedlem i Norges Skiforbund. Det bekrefter han overfor VG.

    – Jeg kan bekrefte at jeg har hatt et møte med valgkomiteen i Norges Skiforbund. Dersom de mener at de kan bruke kompetansen min, så er jeg åpen for å bidra, sier Andersen til VG.

    Han har tidligere vært generalsekretær i Norges Idrettsforbund, men måtte forlate jobben som følge av sakene knyttet til pengebruk og reiseregninger i forbundet.

    Idrettstyret
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal