Hopp til innhold

Frustrasjonskveld for Barcelona

Barcelona skuffa med 0-0 og utvisning i ligastarten heime mot Rayo Vallecano laurdag kveld.

Målkongen Robert Lewandowski, innkjøpt frå Bayern München, ligadebuterte i Spania, men fekk lite til.

Barcelona hadde 18 avslutningar, men det var likevel gjestene som hadde dei største sjansane.

Vondt blei til verre for Barcelina då kapteinen Sergio Busquets blei utvist på overtid etter å ha planta albogen i ansiktet på ein motspelar.

Sergio Busquets
Foto: ALBERT GEA / Reuters

Siste nytt

  • Treigt dansk billettsal til fotball-VM

    Det danske herrelandslaget i fotball er populært, men førebels er det berre selt 2000 billettar til danske fans før det omstridde VM-sluttspelet i Qatar.

    Det gir eit snitt på færre enn 700 billettar fordelt på dei tre gruppespelkampane til Danmark. Direktør Jakob Jensen i Det danske fotballforbundet (DBU) opplyser om billettsalet til Ekstra Bladet.

    – Vi gir gjerne danskane rettleiing om opphaldet, men vi arrangerer ingen fanzoner eller har andre aktivitetar i Qatar, for vi ønsker ikkje å støtte opp om landet, seier Jensen til avisa.

    Det er under to månader til fotball-VM. Kritikken av Qatar, i tillegg til dyre hotellprisar, har vore med på å skremme vekk danske supporterar, skriv nyheitsbyrået Ritzau.

    Ifølge Ekstra Bladet kan danske supporterar i teorien legge beslag på mellom 3000 og 5000 billettar til kvar kamp. DBU har fråssagt seg rettane til å distribuere billettane.

    Danmark jubler
    Foto: RITZAU SCANPIX DENMARK / Reuters
  • Vil ha bandy-VM utan Russland

    Sverige håpar å arrangere eit etterlengta VM i bandy i 2023. Det blir i så fall utan russisk deltaking.

    VM i bandy for menn har ikkje vore avvikla sidan i 2019. Pandemien og Russlands krigføring i Ukraina har stoppa arrangementet dei siste åra.

    No jobbar Sverige med å arrangere eit VM i 2023. Til den meisterskapen blir likevel ikkje regjerande meister Russland invitert, skriv SVT. Planen er i staden at Finland, Noreg, Kasakhstan, USA, Tyskland, Estland og Ungarn skal utgjere deltakarnasjonane.

    Helt uproblematisk er det likevel ikkje å arrangere eit VM utan Russland. Landet har lenge hatt mykje å seie i internasjonal bandy, mellom anna i form av fleire styrerepresentantar i Det internasjonale bandyforbundet (Fib).

    Pär Gustafsson, generalsekretær i Det svenske bandyforbundet, seier likevel at eit 2023-VM i Sverige uansett vil få offisiell status.

    – Det blir eit VM akkurat som alle andre, fullt sanksjonert internasjonalt. Det ville bety veldig mykje om VM blir arrangertt, då det vil vise at bandyen fungerer trass i verdssituasjonen, seier han til den svenske allmennkringkastaren.

    Bandy-VM i Irkutsk
    Foto: Terje Lübeck / NTB
  • TV 2: Norsk sykkelstjerne skifter lag

    Den norske sykkelprofilen Carl Fredrik Hagen skal neste sesong sykle for eit nystarta Sveits-registrert lag, melder TV 2.

    Kanalen hevdar å ha kjelder på at Hagen allereie har signert kontrakt med laget som blir styrt av sørafrikanaren Douglas Ryder.

    Hagen har dei siste sesongane vore lagkamerat med blant andre Chris Froome i Israel-Premier Tech. Kontrakten hans der går ut ved nyttår.

    Alt tyder på at Oppegård-gutens nye arbeidsgivar vil bli å finne på nivå to i sykkelsporten neste sesong. Laget skal enno ikkje ha fått noko namn, men ein avtale med ein hovudsponsor blir meldt å vere klar i nærmaste framtid.

    Carl Fredrik Hagen har slite med skadar dei siste sesongane. I 2019 sjokkerte han mange ved å bli nummer åtte samanlagt i Vuelta a Espana.

    Arctic Race of Norway
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste