Hopp til innhold

Landslagssjefen legg seg flat etter bråket: – At dei høyrer på oss, er veldig fint

Det har storma rundt det norske landslaget i roing. Den nytilsette landslagssjefen erkjenner at året har vore litt vel turbulent.

Thea Helseth på Årungen

USIKKER: Thea Helseth set pris på at Roforbundet legg seg flat, men veit framleis ikkje om karrieren som roar fortset.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Norges roforbund bekreftar til NRK at Fredrik Bekken er tilsett som ny landslagssjef. Den tidlegare medaljevinnaren i OL kjem frå jobben som landslagstrenar.

Den rolla hadde han hatt sidan januar, og derfrå har han både vore involvert og opplevd bråket som har gått føre seg for det norske rolandslaget.

– Vi har gjort veldig mykje rett, men openbert så har vi bomma på noko, seier Bekken til NRK.

Fredrik Bekken

NY JOBB: Fredrik Bekken er den nye landslagssjefen til roarane.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Dei norske høgdepunkta kom i starten av sesongen. Hovudsakleg frå dobbeltsculleren til Thea Helseth og Inger Kavlie, som i april tok EM-gull og i juni vann verdscupen samanlagt – bragder ingen norske kvinnebåtar hadde klart tidlegare.

Bråket var der likevel allereie i gang etter at Jenny Rørvik blei vraka til EM berre éin time etter at ho kom på andreplass i verdscupen saman med Helseth. Så blei Rørvik også vraka til OL og valde å legge opp.

Og motgangen for norske roarar berre fortsette. Både på vatn og på land.

Les også Legger opp etter OL-vraking: – Stort slag i fjeset

Jenny Marie Rørvik

– Det er jo dramatisk

OL blei ein gedigen skuffelse for roarane utan ein einaste norsk medalje, og tidlegare denne månaden skreiv VG at så mykje som åtte av ti norske OL-roarar kan ende opp med å legge opp.

– Det er jo dramatisk, erkjenner Bekken og seier at det nok blir eit «stort fråfall» blant landslagsroarane.

Fredrik Bekken og Olaf Tufte med OL-sølvet i dobbeltsculler i Sydney i 2000.

OL-ERFARING: Fredrik Bekken (til venstre) og Olaf Tufte med OL-sølvet i dobbeltsculler i Sydney i 2000.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Han poengterer at det er naturleg at nokon gir seg etter ein OL-sesong, og for Ask Jarl Tjøm og Lars Martin Benske er for eksempel lettvekt-klassen dei rodde i Paris nå teken bort frå OL-programmet.

For andre kan derimot karrieren framleis vere ung og OL-framtida sjå lys ut, men kommunikasjonen frå Roforbundet, manglande tilrettelegging, mange trenarutskiftingar og uklare OL-uttak kan likevel føre til at fleire av dei legg opp.

– Det er ingen tvil om at vi har bomma på noko. Det med kommunikasjon og tydelegheit, der har vi bomma, seier Bekken.

– Det som kjem fram klart av den evalueringa vi er midt oppi nå, er at kommunikasjonen ikkje har vore god nok heilt ut til utøvarane, seier visepresident og leiar av toppidrettsutvalet (TIU) i Norges roforbund, Morten Bergesen, til NRK.

Morten Bergesen

RO-LEIAR: Morten Bergesen.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Det adresser vi nå, og eg trur at med ein landslagssjef på plass vil det bli både tydelegare og klarere framover, fortset han.

Takksam utøvar

I den nye jobben sin som landslagssjef – ei rolle ingen hadde i OL-sesongen – er Bekken klar på at det blir viktig å ta ein prat med utøvarane og høyre kva som skal til for at dei held fram.

Blant dei er dei regjerande EM-gullvinnarar Thea Helseth og Inger Kavlie, som ikkje levde opp til sitt eige medaljehåp og blei nummer seks i OL-finalen.

Thea Helseth og Inger Kavlie etter OL-finalen i dobbeltsculler i Paris

NEDTUR I OL: Thea Helseth og Inger Kavlie etter OL-finalen i dobbeltsculler i Paris

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Helseth er klar på at det betyr mykje for henne at forbundet og toppidrettsutvalet nå har erkjent problema med kommunikasjon.

– Det er det her vi vier heile livet vårt til, så at dei høyrer på oss, er veldig fint, seier Helseth til NRK.

Ho fortel at ho framleis er i ein tankeprosess for kva dei neste åra inneber.

– Det er i alle fall positivt at vi får inn ein så bra mann i den stillinga her, seier Helseth om Bekken.

– Sjølv om du ikkje har bestemt deg, påverkar det at dei opnar opp om at ikkje alt har vore bra?

– Ja, det gjer det jo. Både det at dei høyrer på oss, men også at vi kanskje kan ha litt meir tryggleik rundt oss i tida framover, seier Helseth.

Fredrik Bekken

KLAR FOR SAMTALAR: Fredrik Bekken.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

– Det å ha med Thea og Inger blir utan tvil veldig sentralt for meg. Eg håpar verkeleg vi klarer å få dei med. Eg skal i alle fall gjere alt eg kan for å få dei med vidare, seier Bekken og avsluttar:

– Dei er rett og slett spydspissane våre. Det å få med dei vidare er viktig for å halde trykket i gruppa, og ikkje minst for å vise kva som skal til for dei som kjem under.

Les også Hardt ut mot forbundet etter Skarstein-behandling: – En skam

Skarstein

Siste nytt

  • Historisk Ohtani-show sendte Dodgers til World Series

    Shohei Ohtani sto for en uhørt prestasjon med ti strikeouts og tre homeruns da Los Angeles Dodgers slo Milwaukee Brewers 5-1 og tok seg til World Series

    Japanske Ohtani er uten sidestykke i baseball som en av veldig få i historien som både utmerker seg som kaster og slagmann, og Ohtani nektet Brewers poeng i de seks omgangene han fullførte, med ti strikeouts.

    Dodgers vant semifinalen i fire strake kamper og kan bli første lag som forsvarer Major League Baseball-tittelen siden New York Yankees vant sin tredje strake for 25 år siden..

    en baseballspiller i blå uniform
    Foto: Ashley Landis / AP / NTB
  • Brandsegg-Nygård vant norsk duell i NHL – ble utvist i seieren mot Lillebergs Lightning

    Michael Brandsegg-Nygård fikk sin første NHL-utvisning i seieren mot Emil Lilleberg og Tampa Bay Lightning. Detroit Red Wings har nå vunnet fire strake kamper.

    20-åringen måtte ta seg en tominutterspause etter å ha holdt igjen Lightnings Brayden Point tidlig i den andre perioden.

    Brandsegg-Nygård, som ble draftet til NHL før årets sesong, spilte 13 minutter og 36 sekunder. Lilleberg, som allerede har flere års erfaring i den amerikanske toppligaen, fikk 11 minutter og 49 sekunder på isen.

    Seieren er Red Wings' fjerde for sesongen. Lightning har derimot bare vunnet én kamp så langt denne sesongen.

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal