Det heile var avgjort før pause, då Frankrike leia 4-0. I andre omgang baud begge lag opp til fest og angrepsfotball, og Island vann omgangen.
– Frankrike visste allereie i pausen at dei har ein ny kamp torsdag. Derfor let dei nok Island sleppe litt lettare til i andre omgang, sa NRK-ekspert Bengt Eriksen.
– Dette har vore fransk finesse, sa Eriksen i pausen. Då var det 4-0. Fire franske mål etter fem skot på mål.
Han hadde sett dei franske stjernene slå ut i full blomst og kledd av det islandske laget som har imponert i sine fire første EM-kampar.
– Frankrike fekk det for lett
LSKs islandske trenar Runar Kristinsson var naturleg nok skuffa over første omgangen.
– Det er uvanleg å sjå tre mål etter løp i bakrom mot Island. Frankrike har fått det litt for lett, sa Kristinsson.
Han var sikker på at dei ikkje kunne snu dette.
– No må vi berre håpe dei unngår seks-sju baklengs, og helst også at Island får eit mål. Men kampen er tapt, seier han.
Island knust før pause
Det gjekk mindre enn eit kvarter før Frankrike tok leiinga.
Matuidi spela fram Giroud som var akkurat onside. Hannes Halldorsson var aldri så lite for langt ute, og Giroud sette ballen mellom beina på Bodø/Glimt-keeperen.
– Det er ikkje heilt patent. Han skal ikkje sleppe ballen mellom beina der, sa NRK-ekspert Tom Nordlie.
Det var hardt for Island, som hadde vore godt på høgde med heimelaget i opningsminutta.
Og det skulle ikkje gå lang tid før det vart verre. Mykje verre.
Knapt tjue minutt var gått. Antoine Giezmann la hjørnesparket, og Paul Pogba raga klart høgare enn Jon Dadi Bødvarsson og stanga hardt inn 2-0.
– For ein spenst. Han er halvmeteren høgare enn Bødvarsson, og headinga er knallhard, sa Nordli.
To raske og 4-0
Dmitri Poyet sette brutalt spikaren i den islandske kista, og det allereie før pause.
Poyet sette ballen hardt og lågt i hjørnet. Halldorsson var etter ballen, men rakk ikkje fram.
Og så sette Griezmann inn det fjerde i omgangens siste minutt. Lobben over Halldorsson var presis, og 4-0 før pause.
Og Island var knust.
Visst kom dei tilbake i andre omgang. Kolbeinn Sigthorsson reduserte. Frankrike slo raskt tilbake ved Giroud, som scora sitt andre mål på sitt andre skot for dagen, men Birkir Bjarnason reduserte på nytt og sytte for at Island «vann andre omgang».
– Frankrike har nok eit gir til å gå på når det trengst, sa Nordlie. Det kjem kanskje vel med i semifinalen mot Tyskland torsdag.
Sjå alle scoringane her:
- Olivier Giroud 1-0:
- Paul Pogba 2-0:
- Dmitri Payet 3-0:
- Antoine Griezmann 4-0:
- Kolbeinn Sigthorsson 4-1:
- Olivier Giroud 5-1:
- Birkir Bjarnason 5-2