NRK Meny
Normal

Bursdagsbarnet feira med to mål

Det vart fartsfylt og målrikt i pøsregnet på Ullevaal. Og denne gongen klarte ikkje Mjøndalen å snu motstandaren si tomålsleiing, Vålerenga vann 4-2.

Rasmus Lindkvist

Rasmus Lindkvist fylte 25 år i dag, og feira med å score to mål for Vålerenga

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det irriterer meg litt at vi inviterte Mjøndalen inn i kampen igjen både til 2-1 og 3-2. Men når det er sagt: Det var eit godt lag vi slo. Vi veit at Mjøndalen aldri gir opp, og dei er eit svært godt lag – ikje berre på dødballar, men dei pusha oss heile tida, oppsummerte Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal overfor CMore.

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen var ingen slagen mann trass tapet.

– Vi gjer ein god kamp. Vi deppar ikkje etter dette, sa Hansen etter den målrike og underhaldande matchen.

Årets mål?

Rasmus Lindkvist – på sin 25-årsdag – vart dagens mann med to mål. Det siste etter ein grov bommert av Mjøndalens keeper Ivar Forn, den første som avslutning på dagens beste angrep.

– 1-0-målet må vere ein sterk kandidat til årets mål, sa Rekdal i pausen.

Daniel Braaten og Ghayas Zahid var involverte i angrepet før Lindkvist sneik seg inn bak Mjøndalen-forsvaret og sette ballen iskaldt i mål.

Vålerenga slo Mjøndalen 4-2 takket være en svensk tomålsscorer.

Tre minutter før pausen omsette Vålerenga speleovertaket i 2-0. Christian Grindheim denne gongen. Han skaut frå 18-20 meter, ballen gjekk via ein Mjøndalen-spelar og utmanøvrerte Forn.

Grindheim var motoren i Vålerengas angrepsoppbygging, og dominerte stort på midtbana.

– Christian har vore god i heile år, og han har fått lov til å vere skadefri, sa Rekdal.

Helt og syndebukk på få sekund

Men Mjøndalen har svært god lagmoral, det viste dei på Ullevaal også. Mindre enn minuttet seinare reduserte Mads Gundersen mot eit Vålerenga-forsvar i ubalanse.

Mjøndalen prøvde å bygge på reduseringa etter pausen, men det vart for upresist i avslutningane. Og derfor var det Vålerenga som skulle få resultat.

Kvarteret før full tid skulle Vorn bli både helt og syndebukk i løpet av nokre sekund. Først leverte han ei nesten umogeleg redning av ei heading frå Kjetil Wæhler. I neste angrep bomma han med ei klarering, ballen spratt til Granqvist som lett trilla ballen i tomt bur.

Like før slutt kom kampen til nye hendingsrike sekund. Magnus Sylling Olsen gav Mjøndalen nytt håp med scoring på ein retur, og 3-2. Men sekund etterpå scora innbytar Morten Berre og 4-2 – 39-åringens første mål for sesongen og sitt eliteseriemål nummer 101 totalt.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia