Fulop tapte kampen mot kreft, to og eit halvt år etter at han fekk konstatert og fjerna ein svulst i armen.
– Eg er sterk nok både psykisk og fysisk til å kome tilbake og spele fotball, sa han då. Men den sjansen skulle han aldri få.
Marton Fulop fekk 24 A-landskampar for Ungarn. Han var reservekeeper i begge kampane sist Norge møtte Ungarn, i EM-kvalet i 2006 og 2007 då Norge vann 4-1 og 4-0. To månader seinare var han førstekeeper på laget, og spela sin siste landskamp i 2011.
Han kom frå MTK Budapest til Premier League og Tottenham i 2004, og gjekk vidare til Sunderland i 2007. Han var også innom West Bromwich, Manchester City og Ipswich. Totalt spela han for i alt ni klubbar i England fram til 2010.
Hans siste klubb vart Asteras Tripoli i Hellas, som han hjelpte til klubbrekord med fjerdeplass i ligaen.
Ungarn kjem til å spele med sørgjeband på Ullevaal i kveld, melder avisa Nemzeti Sport.