Alle 54 medlemslanda i UEFA gjekk inn for dette på møtet i Dubrovnik i dag. Årsaka er at det er helsefarleg å spele fotball i Qatar midt på sommaren, når temperaturen kan nå opp til 50 grader.
Derfor ber dei FIFA om å setje ned eit utval som skal sjå på alternativ til å arrangere det om sommaren.
– Vi ønskjer ikkje å spele i så sterk varme, verken i Qatar eller andre stader, sa generalsekretær Theo van Seggelen i FIFPro group. – Vi kan ikkje gjere det berre fordi det passar inn i policyen.
"Policyen" han snakkar om, er at VM vanlegvis skal gå i juni/juli fordi det då er minimalt med annan fotballaktivitet.
Prinsippavgjerd i oktober
FIFA skal på sitt møte 3 og 4. oktober truleg ta ei prinsippavgjerd om å flytte VM til ei anna årstid. Det er dette prinsippet UEFA har gitt si tilslutning i dag.
UEFA seier også at dei ønskjer å spele VM 2022 i januar, ikkje november/desember, slik FIFA-president Sepp Blatter har antyda. Dette er av omsyn til meisterligaen og europaligaen, der det ikkje er kampar i januar, men derimot fullt trøkk i november.
Men eit VM i januar/februar kan lett kollidere med vinter-OL – eit OL som Oslo ønskjer å arrangere.
Det var i desember i 2010 Qatar fekk tildelt VM som skulle gå av stabelen 12 år seinare. Men i ettertid har fleire og fleire slått fast at det er umogeleg å spele der i temperaturane om sommaren, og at det må flyttast.
Ligaene truar med rettslege steg
Dette skaper store problem for FIFA. All flytting til andre årstider vil kollidere med ligaspel omtrent verda rundt. Dei store ligaene har allereie protestert. Bundesliga-sjefen sa i mai i år at han ikkje trudde FIFA har lovheimel til å bryte inn i ligasesongen, og at ei flytting kan føre til rettslege steg.
– Vi kan ikkje spele om sommaren. Men vi har enno ni år på oss for å finne praktiske løysingar, så vi treng ikkje forhaste oss, seier FIFAs irske visepresident Jim Boyce.
Qatar seier at det er heilt OK for dei å flytte VM til ei anna årstid, men dei vil ikkje godta å flytte det til eit anna land.
UEFA-president Michel Platini skal leie ein ti mann sterk delegasjon på FIFA-møtet i oktober for å fronte deira syn der. Dei utgjer nesten halvparten av dei 22 i FIFA-styret.
Det som er sikkert, er at uansett utfall blir det spetakkel - og truleg også dyrt for FIFA. Svært dyrt.