TV2 mistar eliteserien

TV2 mistar visningsrettane til hovudrunden i eliteserien i fotball frå 2013-2016.

Eliteserien Brann - Aalesund

Seks av åtte oppgjer i Eliteserien skal visast på Canal Plus frå 2013.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Fotballforbundet kjem dermed til å avslutta det mangeårige samarbeidet med TV2.

I neste fireårsperiode er det Canal Plus som skal visa kampane. Det tyder færre gratiskampar. Seks av åtte kampar kvar runde skal gå på betalingskanalen.

NFF: – Fekk ikkje inkludera andre

Yngve Hallén

Fotballpresident Yngve Hallén seier Canal Plus gav dei eit uimotståeleg tilbod.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Me fekk eit bod på bordet som me vurderte som så godt at me slo til, seier fotballpresident Yngve Hallén i Norges Fotballforbund (NFF) til TV2.

Han røper at dei har fått ein vesentleg høgare pris frå Canal Plus for den kommande perioden, enn det TV2 har betalt for rettane.

– Ein føresetnad for bodet, var at me ikkje skulle gå ut med det, seier Hallén

Video 665e5913-edc9-4372-8808-4962c4431891.jpg

TV2: - Dette er uprofesjonelt. (Innslag i Dagsrevyen 21.06.2011).

– Som lyn frå klar himmel

Sjefredaktør i TV2 Alf Hildrum er sjokkert og skuffa over avgjerda, som TV2-leiinga blei informerte om på eit møte i ettermiddag.

TV2-sjefen har snakka med andre konkurrentar i ettermiddag, og seier dette er ei avgjerd Fotball Media AS har teke utan å invitera andre TV-selskap enn Canal Plus.

– Den beskjeden kom som lyn frå klar himmel. Fotballforbundet har tidlegare sagt at dei vil lysa ut rettane på anbod. Dette som skjer no er eit heilt anna løp som me har vore uinfortmerte om, seier Hildrum i eit intervju på TV2 nyheitskanalen.

To år til å førebu seg

Dagleg leiar i Canal Plus, Steinar Brændeland er glad for at kanalen har sikra seg rettane.

– Kjøpet er gjennomført på ein litt annan måte enn det som har vore tilfellet med sal av senderettar i norsk fotball tidlegare. To partar har vorte samde om ein pris, seier Brændeland.

Brændeland rosar TV2 som han meiner har gjort ein «fantastisk bra jobb» med fotballen, og seier dei verkeleg må leggja seg i selen for å laga minst like bra sendingar frå eliteserien når dei tek over roret.

– No skal me bruka dei to neste åra fram til 2013 godt for å syta for ei god fotballdekning på Canal Plus den kommande perioden, seier Brændeland.

Må revurdera fotballsatsinga

Alf Hildrum går til TV 2

Alf Hildrum i TV2 er sjokkert over at Fotballforundet har gjort ein avtale med Canal Plus utan ein bodrunde med andre aktørar.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Eg er overraska og tykkjer dette er spesielt. Me har brukt masse ressursar og meiner me har lyfta den norske fotballdekninga i løpet av dei fem åra me har hatt rettane, Me har ingen grunn til å tru at nokon har vore misnøgde med våre fotballsendingar, legg ein skuffa Hildrum til.

Kva tyder dette for TV2 si satsing på norsk fotball framover?

– To kampar og rettane til fleire andre sendingar er framleis ikkje selde. Me må gjera ei vurdering og kanskje konstatera at norsk fotball og TV2 går kvar vår veg.

NFF: – Salet kjem norsk fotball til gode

Hallén i NFF er samd med Hildrum i at TV2 har vore med på å byggja opp norsk fotball, men seier samstundes at han er glad for at ein ny langsiktig avtale no er på plass.

– Inntektene frå sal av medierettar kjem heile den norske fotballen til gode. Denne avtalen sikrar at me kan vidareutvikla breiddefotballen parallellt med toppfotballen, seier Hallén i ei pressemelding frå NFF.

Fotball

Oppsummert

  • Cirka 20.05: Pressekonferanse med Ståle Solbakken og en utvalgt spiller etter kampen mot Tyrkia.