UEFA har nemleg vedteke at den ledige plassen etter tyrkiske Fenerbahce skal fyllast ved trekning mellom taparane i playoff-runden, som blir avslutta i kveld.
Både Tromsø og Molde er med i den runden. Tromsø har ein bra sjanse til å kome til gruppespelet på "naturleg" måte, ettersom
.For Molde ser det langt verre ut. Dei tapte 0–2 heime, og har dermed eit tilnærma håplaust utgangspunkt før kampen i Russland i ettermiddag.
Men sjølv med tap for begge dei norske, vil dei vere å finne i bollen når laget til den ledige plassen skal trekkjast klokka 09.00 fredag morgon.
Fenerbahce tapte i playoffrunden til meisterligaen, og skulle normalt derfor blitt plassert i gruppespelet i europaligaen. Men det tyrkiske laget er straffa for å ha vore innblanda i kampfiksing,
i dei to neste sesongane.Også Besiktas er skulda for medverknad til kampfiksing. Dommen i deira sak blir offentleggjort fredag. Dersom også Besiktas blir kasta ut, vil Tromsø gå til gruppespelet uansett resultat i kveld.
Gruppene i europaligaen skal trekkjast fredag.