Knalltøff konkurranse for topptrenarane

Erfarne fotballtrenarar med ei rekkje medaljar på CV-en står utan trenarjobb før klubbane legg kabalen for neste sesong. Toppfotballsjef Nils Johan Semb meiner satsing på trenarutdanning er hovudårsaka.

Fotballtrenarar i Norge

UTAN JOBB: Desse fotballtrenarane er ledig på marknaden før 2013-sesongen. Øverst fra venstre: Åge Hareide, Roar Johansen (bekreftes som Ull/Kisa-trener onsdag), Petter Myhre, Knut Tørum, Tor Thodesen, Tom Freddy Aune, Per-Mathias Høgmo, Steinar Nilsen, Arne Erlandsen, Tom Nordlie, Kjetil Rekdal og Martin Andresen.

Foto: Scanpix - Montasje: Sander Heggheim/NRK
Nils Johan Semb

UTDANNING: Toppfotballsjef Nils Johan Semb meiner satsing på trenarutdanning gjer konkurransen om trenarjobbane tøffare.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Knut Tørum

LEDIG: Tidlegare Start-trenar Knut Tørum får færre jobbtilbod no enn tidlegare.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX
– Vi utdannar mange fleire trenarar no enn tidlegare. Det medfører tøffare konkurranse, seier Semb til NRK.no.

Ei rekkje eliteserieklubbar har allereie skifta, eller skal skifte trenar før 2013-sesongen. Nokre av dei mest profilerte namna som står utan jobb neste år er Martin Andresen, Per Mathias Høgmo og Kjetil Rekdal.

Semb meiner det er tilfeldig at så mange står utan trenarjobb på same tid.

– Det er mange element som spelar inn. Mellom anna timing. Så er det slik at mange klubbar jaktar spesielle profilar som passar inn i klubben, seier Semb.

Får færre trenartilbod

Tysdag fekk Kjetil Rekdal beskjed om at han ikkje får styre Aalesund-skuta neste sesong. Dermed må Aalesund ut på trenarjakt saman med Vålerenga.

Knut Tørum sa opp jobben i Start i juni i fjor. Tørum, som tidlegare har vunne seriegull med Rosenborg, merkar at det er tøffare konkurranse blant trenarane. Tilboda er færre no enn tidlegare.

– Etter at eg slutta i Start har eg ikkje trengt å ha på skotsikker vest i forhold til å det å ta imot trenartilbod, men det har komme nokre, seier Tørum.

Tørum avslører at han har førespurnader frå klubbar akkurat no.

Den tidlegare Start-trenaren er no i ein «vanleg» jobb, og vurderer no tilbod frå norske klubbar.

– Det kan skje, men det er fleire som er med i prosessen. Då tenkjer eg på familien. Eg er blitt meir kresen, vedgår Tørum.

– Bra og sunt med konkurranse

Også tidlegare Tromsø- og Brann-trenar Steinar Nilsen får færre førespurnader frå klubbar på trenarjakt.

– Tidlegare var det langt fleire henvendelsar enn det er no. Eg får nokre henvendelsar, men det skal vere riktig og det skal treffe både for deg sjølv og familien, seier Nilsen til NRK.no.

Nilsen meiner at fokus på trenarutdanning bidreg til å spisse konkurransen mellom trenarane.

– Det er blitt utdanna veldig mange. Det har vore eit trenarløft i regi av fotballforbundet. Det meiner eg har vore viktig og avgjerande for at vi skal få utdanne fleire topptrenarar i Norge. Det ser eg på som bra og sunt, seier Nilsen.

Steinar Nilsen

KONKURRANSE: Steinar Nilsen håpar klubbane i Norge brukar norske trenarar i framtida.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix
Utlendingar i eliten

Per dags dato er det ni norske og fem utanlandske trenarar i eliteserien. Vålerenga og Aalesund er no på jakt etter ny trenar. Også dette er med på å gjere vegen til trenarjobbane endå lengre. Nilsen meiner at fem utanlanske trenarar er nok.

– Det er heilt på kanten. Det bør ikkje bli fleire i alle fall. Vi ser jo i toppen av tabellen at topplaga har norsk trenar, med unntak av Rosenborg. Det er vel ingenting som tilseier at det blir så mykje betre med utanlandske trenarar, seier Nilsen.

Toppfotballsjef Nils Johan Semb meiner det er positivt at utanlandske trenarar finn vegen til Norge.

– Det er gunstig med impulsar frå utlandet, men samstundes er det viktig at vi gir våre eigne sjansen, seier han.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.