Hopp til innhold

EM-helten frå 1987: – Det var eit voldsomt styr

– Eg hugsar at det var masse styr etterpå. Vi sprang rundt bana og fekk ein enorm jubel av publikum. Det var stort, minnest Trude Stendal.

Trude Stendal scoret to mål i finalekampen mot Sverige. En nasjon norge aldri hadde vunnet for før.

Trude Stendal sørger for EM-seier i 1987

  • Se EM-finalen Norge - Tyskland fra kl 16.00 på NRK1!

Matchvinnaren frå den aller første meisterskapsfinalen Noreg spela følgjer tett EM-kampane på tv, og gler seg over suksessen. Og ho ser ikkje bort frå norsk suksess også i finalen mot Tyskland.

– Tyskland er ofte betre enn Noreg, det viser resultata frå dei siste meisterskapa. Men vi slo Tyskland i gruppespelet, og dei har eit ungt lag og er nok inne i eit generasjonsskifte. Eg trur på ein jamn kamp som kan vippe begge vegar, seier Stendal til NRK.no.

– Trur du jentene gler seg til kampen?

– Ja, det er eg sikker på. Dei viser ei enorm speleglede, og dei har verkeleg noko å glede seg til med 50.000 på tribunane søndag, seier Stendal.

Tomålsscorar i finalen

Trude Stendal

Jubelen etterpå er det Trude Stendal hugsar best frå EM-finalen i 1987, ikkje scoringane som avgjorde kampen

Foto: Hanssen, Eystein / NTB scanpix

24 åringen frå Bergen og Sandviken scora begge måla i EM-finalen mot Sverige på Ullevaal i 1987. Noreg vann 2–1 framfor 8400 tilskodarar – eit eventyrleg tilskodartal på ein fotballkamp for kvinner på den tid.

– Eg hugsar scoringane stort sett fordi eg har sett dei og høyrt om dei mange gonger. Det første kom etter eit hælspark frå Gunn Nyborg, det andre etter innlegg frå Kari Nilsen. Eg sette begge inn på keepers venstre side, seier Trude Stendal til NRK.no.

– Men jubelen etter kampslutt hugsar eg. Vi var pionerane som hadde gått til topps, vi hadde slått "søta söster" som var tittelforsvarar, minnest Sandviken-spelaren.

Slo tittelforsvararen

Det var det andre europameisterskapet i historia, og landslagsfotball for kvinner var i sin barndom. Norge var ikkje akkurat bortskjemde med internasjonale fotballtriumfar internasjonalt, men mot slutten av 80-talet hadde Noreg eit lovande lag.

EM-sluttspelet i 1987 var det første med eitt vertsland, og det fall på Noreg. Det besto av fire lag – Noreg, Sverige, Italia og England.

Noreg slo Italia 2–0 i den eine semifinalen, Sverige slo England 3–2 etter ekstraomgangar i den andre.

Minnest ikkje målet i semifinalen

Trude Stendal scora eitt mot Italia og. Men det hugsar ho ikkje.

– Nei, det kan eg ikkje minnast. Det er kanskje fordi klipp frå den kampen ikkje har vore vist i ettertid, og det har ikkje vore skrive så veldig mykje om den heller. Men eg scora visst der også, ja, seier Trude Stendal.

Stendal scora 15 mål på sine 32 landskampar. Men etter EM 1987 var det slutt. For ein månad seinare øydela ho fleire korsband i ein kamp i USA, og mista både resten av den sesongen og året etterpå. I forsøket på å kome tilbake til gamle høgder, braut ho beinet i ein cupkamp mot Trondheims-Ørn i 1991. Då la ho opp. Etter det har ho ikkje jobba primært med fotball.

– I den aller første tida etter at eg la opp, var eg med i Sandviken som materialforvaltar. Men elles har eg ikkje hatt verv av noko slag, berre delteke i dugnadsaktivitetar.

I dag jobbar ho i helsevesenet, ved Haukeland sjukehus i Bergen.

– Alt har blitt betre

– Kva er største skilnaden på kvinnefotballen no frå di aktive tid?

– I grunnen alt – tempo, speleforståing, bevegelse. I dag får jentene begynne å spele heilt frå 6-7-årsalderen. Vi begynte ikkje før vi var 13-14, og det seier seg sjølv at dagens spelarar har eit heilt anna grunnlag, seier Stendal.

Som trur Noreg har ein sjanse til sin første tittel sidan OL-gullet for 13 år sidan.

VIDEO: Slik tok Norge seg til EM-finalen

Norge har overraskende spilt seg fram til en finale i EM. Her er en oppsummering av veien dit. Redigering: Peter Bryng

VIDEO: Veien til EM-finalen

Fotball