- Eg fekk til og med vite at dette ikkje var tilfeldig, seier Ulseth til NRK. - I det ligg det holdningar som eg helst ikkje vil sette namn på.
Han meiner det er både flaut og lite verdig overfor utlendingane i TIL, men vil ikkje bruke ordet rasisme.
- Men det er merkelieg tenkt, og slett ikkje basert på prinsippet om likeverd.
24 spelarar vart stilte opp i midtsirkelen etter treninga. Dopingkontrollørane las opp først namna på dei utanlandske spelarane, deretter på tre norske.
- Det kan godt hende vi vil be om ei forklaring. Men det som har skjedd har skjedd. Det er ikkje slik vi vil at utanlandske spelarar skal bli tatt imot, seier Ulseth.
Dagleg leiar i Antidoping Norge, Anders Solheim, har inga forståing for kritikken frå Ulseth.
- Ved å teste nye tøvarar som kjem til Noreg eller som markerer seg på elitenivå i norsk fotball, gjer vi dai kjende med vårt antidoping-arbeid, seier Solheim til NRK.
Han seier dette også gjeld utøvarar som har vore skadde eller som markerer seg i Tippeligaen for første gang.
- Dei meiner vi det er viktig og rett å teste, slik at vi er sikre på at norsk idrett er rein. Det håpar vi det er forståring for, seier Solheim.