– Spelarane i den spanske ligaen vil halde fram med streikinga også i andre serierunde, seier David Gil i den spanske spelarorganisasjonen AFE ifølgje Reuters.
Hundrevis av spelarar har enno ikkje fått løn, og difor er streikelysten enno sterk.
Den spanske spelarorganisasjonen hevdar at klubbar skuldar 50 millionar euro, eller rundt 393 millionar kroner, til to hundre spelarar etter førre sesong.
Partane enno langt unna
No ber Gil utålmodige fans halde seg i ro.
– Eg forstår at fansen vil sjå fotball, men vi må tenke på spelarane som no er inne i ei tøff tid, seier Gil.
I møter med spelarane har toppklubbane forsøkt å hindre at streiken held fram i lukrative Premiera Division.
Det er tydeleg ei stor utfordring.
– Partane (Den Spanske Fotballigaen - LFP og spelarorganisasjonen AFE) er langt unna ein avtale, men vil held fram arbeidet med å komme fram til ei løysing, seier Gil.
Optimist
Visepresidenten i LFP, Jose Luis Astiazaran, er optimist trass i at spelarane no er innstilt på å streike i ein runde til.
– Eg trur at noko positivt kan komme ut av dagens møte, sa han måndag, utan å gå vidare inn på detaljar.
Også i morgon vil partane gå i møter for å hindre at streiken held fram.