Innstramming hos bankane
- Det er fordi bankane har stramma skikkeleg inn, seier Paul Miller i finansanalyse-selskapet KPMG.
Klubbane brukte 30 mill pund (rundt 280 millionar kroner) i januar. I fjor var tilsvarande tal 170 mill pund. Omsetninga i januar i år er den lågaste på sju år.
Den tidlegare Tottenham-forsvararen Miller, som har spesialisert seg på fotballøkonomi, seier at den stille overgangsmarknaden ikke kjem overraskande på han.
- Bankane tillet ikkje lenger så store overtrekk som før. For to-tre år siden kunne ein Premier League klubb utan vanskar få overtrekk på 40-50 millionar pund. Det går ikkje i dag, og klubbane sjølv har ikkje pengar, seier Miller.
Han peikar også på at etter den rekord-travle januarmånaden i fjor, var det også ein svært stille overgangsmarknad i sommer, der berre Manchester City handla for store summar.
Få permanente overgangar
På "deadline day" fram til klokka 18 (norsk tid) 1. februar var det få permanente overgangar til Premier League-klubbar:
- Wigan kjøpte Victor Moses frå Crystal Palace
- Manchester City kjøpte Adam Johnson frå Middlesbrough
- Stoke kjøpte Asmir Begovic frå Portsmouth
- West Ham kjøpte Benny McCarthy frå Blackburn
Elles var alle overgangane på overgangsvindaugets siste dag lån. 70 prosent av alle overgangane i januar galdt utlånsavtaler, går det fram av eit oversyn frå firmaet Deloitte.
Heller ikkje Chelsea nytta seg av sjansen til å handle. Dei har framleis risikoen for kjøpestopp i dei komande overgangsvindauga hengande over seg som straff for
Straffa er utsett medan Chelseas anke blir behandla, derfor fekk dei lov å handle i januar-vindauget i år.Overgangsmaknaden var ikkje meir aktiv i dei andre europeiske landa heller. Ingen av storklubbane i Italia, Spania, Tyskland eller Frankrike var særleg aktive i januar.
- Halvparten av dei leiande klubbane i Europa går med underskot, og for 20 prosent av dei er tapa alvorlege, sa UEFAs generalsekretær Gianni Infantino i eit intervju før jul.