Skåringa mot RBK er ikkje tilfeldig, dei fleste spissar hadde hedda mot fyrste stolpe, slik nokon ein gong hadde lært dei, men Branimir brukte instinktet sitt og skåra i andre hjørnet.
Branimir Poljac (nr 19) gratuleres av Tommy Stenersen etter å ha scoret og utlignet for Stabæk til 2-2. Til v. i bakgrunnen André Muri. (Foto: Erlend Aas / SCANPIX)
Mange norske spissar kan alt, men det er alt dei kan. Dei gjer alt rett til dei kjem nær målet.
Dei kan skjerme ballen, dei jobbar som slavar offensivt og defensivt, men so var det å skåre mål då. Kall meg gamaldags, men for meg vil det alltid vere den viktigaste eigenskapen til ein spiss.
Spelar back
Nærast alle trenarar ropar etter forsterkning på spiss-plassen.
Vålerenga har ein spelar som treff mål, men han spelar som oftast på back-plassen...
Nei, goalgetteren blir nok alltid etterspurd, vi må berre passe på at vi ikkje sluttar å produsere han.
På landslaget
All ære til Stabæk. Poenget dei tok mot Rosenborg var fullt fortent.
Spesielt Martin Andresen var ekselent. Med full tillit frå landslagsleiinga trur eg Martin ville ha sagt ja til landslaget.
Slik han spela på søndag, er han Noregs beste.
Farlege Hødd
Ålesund er langt frå Noregs beste, men no kan di kalle seg Møre og Romedal sitt beste lag nokre dagar.
Men pass på, denne veka spelar dei mot Hødd i cupen...
Tenk å få sin fyrste siger for sesongen på ei fullsett Røkke–løkke. Trur nok det var ein del sunnmøringar som kosa seg på ferja heim etter kampen. Og svele – salet gjekk nok til himmels.
I 4-4-2 likar vi å intervjue Ålesund–trenar Nordmark. Han er leverer alltid varene. Der andre pratar om mellom- og bakrom, der pratar han om å gi sirkus til folket, og så for andre gi dei brød. Det var kjekt å kunne prate med han etter ein siger.
Stabæk ser ut til å redde seg også økonomisk, men no kjem meldingane inn at Bryne ikkje klarar å betale lønningane.
Eg er redd vi enno ikkje har sett toppen av isfjellet når det gjeld den økonomiske krisa i norsk fotball.
Klubbar som har brukt nokre kroner på å utvikle eigne talent kan få eit forsprang på kreditt- og låne-klubbane.