Den 54 år gamle presidenten har signert ein eittårskontrakt med klubben, som høyrer heime i provinsen Santa Cruz, søraust i det søramerikanske landet.
Ifølgje meldinga frå klubben skal Morales spele om lag 20 minutt per kamp. Men ikkje i alle kampane, kampprogrammet skal tilpassast presidentens arbeidsplan.
Før trøye nummer 10
Han blir ikkje klubbens best betalte spelar. Løna er om lag 1300 kroner, minimumsløna i klubben. Men presidentløna kjem trass alt i tillegg. Og han får trøye nummer 10.
– Han elskar fotball, og han er ikkje så verst spelar, seier klubbpresident Mario Cronenbold. – Vi skal sende han terminlista, så skal han sjølv få velje kva kampar han vil spele, seier klubbpresidenten om nasjonspresidenten.
Lokale politikarar som kjenner Morales, seier at det er ein livslang draum som no blir oppfylt for Bolivias president. Sjølv seier han at han er i god for, og svært glad for sjansen til å få spele.
Han har tidlegare spela oppvisningskampar med journalistar, fagforeiningsleiarar og andre presidentar.
Skikkeleg råskinn
Og
. I ein oppvisningskamp regjeringspartiet spela mot eit lag leia av borgarmeisteren i hovudstaden La Paz i 2010 sette han kneet inn i ein motspelar som hadde prøvd å felle han.– Eg spela ballen frå meg, og i neste stunda vart eg felt. Og det var ikkje første gongen i kampen, sa ein lettare irritert president.
Motspelaren og ein av Morales' livvakter (!) vart utviste, men ikkje presidenten sjølv. Politiet prøvde å arrestere mennene som felte Morales, men La Paz' borgarmeister intervenerte og fekk avverga arrestasjonen.
Kampen enda 4-4, og Morales fekk iallfall gleda av å score.
I 2006 braut han nasebeinet i kollisjon med ein keeper i ein oppvisningskamp.
Protesterte mot høgdeforbod
I 2007 spela han ein kamp på 6000 meters høgde oppe i Andesfjella. Det var som ein protest mot FIFAs
. Bolivia er eit fjelland med mange byar høgare oppe enn det. Hovudstaden La Paz ligg 3600 meter over havet, og landslaget spelar vanlegvis heimekampane sine der.