Det er mindre enn 30 år sidan, men mediemessig kunne det like gjerne vore i steinalderen.
Datoen var onsdag 25. september 1985. Norge skulle møte sjølvaste Italia – regjerande verdsmeister, og eit lag vesle Norge aldri hadde slått.
Likevel hadde Italia valt det norske laget som sparringpartner i oppbygginga av laget til tittelforsvaret av VM-gullet trekvart år seinare.
Kampen gjekk i Lecce – forøvrig heimbyen til dagens landslagssjef Antonio Conte.
Sigersmål av Vidar Davidsen
Og så sprang bomba: Norge vann 2-1 nede på den italienske støvelhælen. Italia tok leiinga, Erik Thorstvedt leverte nokre kjemperedningar, og Arne Larsen Økland og Vidar Davidsen snudde kampen i løpet av tre minutt like før pause. Italias stjerner makta ikkje å snu kampen i andre omgang. 50.000 på tribunene vart heilt stille, Før dei tok til å pipe ut sine eigne.
Jordskjelvet i Fotball-Norge var kanskje større enn den legendariske sigeren over England fire år tidlegare. Sjølv om dette berre var ein privatkamp.
Kanskje var det årsaka til at kampen ikkje vart direktesend på norsk tv. Ikkje redigert opptak seinare på kvelden heller, slik det ofte vart gjort på den tid. Bjørge Lillelien kommenterte direkte på radio slik berre han kunne det. Men altså ikkje tv, der NRK framleis hadde monopol midt på 80-talet.
Rasa mot NRK
Det fekk publikum heime til å rase. NRK-leiinga fekk så hatten passa i lesarbrevspaltene i alle avisene – som var einaste kanalane folk flest hadde for å gi uttrykk for sine meiningar.
– Eg veit ikkje akkurat kva som var årsaka til at NRK valde å ikkje sende kampen direkte eller i opptak same kveld. Men det hadde sikkert med pengar å gjere. Det var trass alt berre ein privatkamp, minnest Scheie.
NRK-leiinga forstod nok at dei hadde bomma. Men skaden var ikkje uoppretteleg i 80-talets medieverd.
Fredag føremiddag – eitt og eit halvt døgn etter kampen – bestemte programdirektøren seg: «Vi får tak i opptaket av kampen og sender den».
Kommenterte kampen han sjølv leia
– Arne Scheie skal kommentere kampen, og han arbeider no med å finne ein eigna sidekommentator, fortalde programdirektør Rolf Johnsen i NRKs reportasje- og idrettsavdeling til Aftenposten.
– Det stemmer, seier Scheie, og fortel at ekspertkommentatoren vart Tor Røste Fossen – landslagssjef på den tid, og mannen som derfor sat på benken i kampen han sjølv kommenterte.
«Forøvrig tar vi med...»
I Kveldsnytt på onsdagskvelden vart det meldt at «forøvrig tar vi med at Norge har slått Italia 2-1 i ein landskamp i fotball».
Som sagt så gjort. NRK kasta seg rundt og sende Tor Hammerø til Italia for å hente opptaket (!) for å få det til Oslo i tide.
«Kampen er ferdig redigert, og blir sendt i heilskap utan kostnader for NRK», går det fram av Aftenpostens melding.
Til Kringkastingsrådet
Så dermed fekk det norske folk sjå den historiske kampen. Som søndagsunderhaldning med sendestart klokka 09.00. I Frokost-TV.
Men skaden var så stor at dåverande Aftenposten-redaktør og seinare NRK-redaktør Egil Sundar tok saka opp i Kringkastingsrådet for eit etterspel. – Det er heilt naturleg i denne saka. Når Norge møter ein verdsmeister, må det treffast førebuingar frå TVs sida, sa Sundar til VG.
Men sjåarsuksess vart det. 32 prosent av dei som kunne sjå tv, følgde kampen, ifølgje statistikk VG presenterte. Truleg akkompagnert av masse egg og bacon.
Mediekvardagen har unekteleg endra seg litt...