- Alt om kampen:
Med scoringsbrøl på scoringsbrøl har heimefansen på Alfheim hylla Sigurd Rushfeldt gang på gang.
Også mot Rosenborg skulle dei få skrike seg hese over scoringskongen over alle scoringskongar som sundag noterte seg for eliteseriemål nummer 171 og 172.
– Det var akkurat dette eg hadde ønska meg. Noe meir kan ein ikkje be om. Eg synst det var utruleg artig å avslutte Alfheim-karrieren med dette, seier Rushfeldt til NRK.
- LES OGSÅ: Rushfeldt slo målrekorden
Herja med RBK-stopparane
I vinterkalde Tromsø starta det massive presset mot Rosenborg-buret allereie frå avspark.
Der Tromsø var i angrep, var sjølvsagt Sigurd Rushfeldt. Og det til stort bry for halsande RBK-stopparar.
38-åringen hadde lenge før kampen sletta målrekorden i eliteserien, men storscorar-tittelen hindra han tydelegvis ikkje i å imponere meir sin siste heimekamp for Tromsø nokon sinne.
- 8. minutt: Første scoring kjem i duell med lagkamerat Kara (!), der Rushfeldt stangar inn målet som sender Tromsø eit godt steg nærare seriesølvet.
- 65. minutt: Mos spring inn feltet, løftar blikket og sjekkar at han er onside, før han speler til Rushfeldt som er i full fart inn i feltet. Den rutinerte spissen bankar til på første touch, men Bråthen reddar og gjev retur. Returen går rett tilbake til Rushfeldt som denne gangen bruker hovudet til å stange ballen i bakken og i mål.
Litt flaks etter halvtimen spelt kunne også sørga for Rush-hattrick på Alfheim.
Veteranen varta opp med ein utsøkt lobb frå 16-meterstreken, og Erik Bråthen i RBK-buret måtte ut i full strekk. Sisteskansen fekk såvidt avverga dagens andre nettkjenning frå målkongen.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET:
Mos i toppscorarkampen
Også trønderane var frampå med eitt og anna friskt pust. Like før Tromsø gjekk opp til 1-0 kunne Mushaga Bakenga ha gitt vertane ein kalddusj, men eit skot frå den unge spissen strauk stolpen til lettelse for heimepublikummet.
Det hjalp så lite at Bakenga fekk nettkjenning i det 69. minutt, for Tromsøs toppscorar denne sesongen ville også teikne seg på scoringslista.
3-1 kom ti minutt før slutt. Vålerenga-leiesoldaten Mostafa Abdellaoue har no 14 scoringar i eliteserien, og lev gjerne i håpet om å bli årets toppscorar.
Bare Brann og Odd Grenland, som begge har 48 poeng, kan snyte Tromsø for seriesølvet.
«Gutan» manglar bare eitt poeng for å sikre plassen bak serievinnar Molde. Neste helg avsluttar dei sesongen borte mot Start.
– Sjansen for sølv er stor, men det blir ikkje lett mot Start. Vi må ikkje se på sigeren i dag som at sesongen er avslutta. Vi har alt å spele for i Kristiansand, seier Rushfeldt.