Dei er politiavhøyrde i saka der minst ein fotballspelar er skulda for å ha hatt sex med ei mindreårig jente på ein nattklubb i Paris, skriv telegraph.co.uk.
Den spanske sportsavisa Marca får opplyst at Ribery har tiltått å ha hatt kontakt med den mindreårige prostituerte jenta. Ribery er gift og har to barn.
Dommaren som uttalar seg til avisa, er nøye med å understreke at Ribery (27) og Govou (30) berre er avhøyrt som vitne. Men saka har likevel vekt enorm oppsikt i Frankrike.
Real-overgang i vasken
Ribery vil vekk frå Bayern etter dfenne sesongen. Han har vore svært aktuell for Real Madrid, men ifølgje den spanske sportsavisa Marca er ein overgang til Real heilt uaktuell no.
Han har også ved fleire høve vore knytta til Chelsea.
Nattklubben er ein populær stad for topp-fotballspelarar. Seplarensom er skulda for episoden, har tilstått. Han hevdar at han ikkje visste at jenta var mindreårig.
Den seksuele lågalderen i Frankrike er 15 år.
- Les:
Ein person som skal ha organisert jenter som har hatt sex med fotballspelarar, er også arrestert. Og fleire av jentene som er tilknytta klubben, har også vore avhøyrt.
Opprullinga av saka kjem på det verst tenkelege tidspunktet for det franske landslaget, som er i ferd med å førebu seg til VM i Sør-Afrika om snaue to månader.
Møtest i meisterligaen
Ribery spelar for Bayern München, Govou for Lyon, og dei skal møtest i semifinalen i meisterligaen denne og neste veke. Begge nektar å ha hatt noko med saka å gjere.
Medan slike saker ikkje er ukjende i England, der toppspelarar stadig vekk blir knytta til sex- og alkoholrelaterte skandaler i media, er dette første gongen i Frankrike det skjer med så høgt profilerte spelarar. Lovene som skal verne om privatlivets fred er mykje strengare i Frankrike enn i England.