Svenskane tapte verdifullt terreng med 2-1-tap mot Ungarn.
Eks-Moldetrenar Kjell Jonevret vedgår at nederlaget var ei gåve til Norge i kampen om direkte EM-plass.
– Ja, eg synst det. Sverige gjorde ikkje ein bra jobb der. Ungarn er ikkje noko dårleg lag, men vi blei veldig slurvete på slutten av kampen, seier Jonevret som for tida er spion for det svenske landslaget.
HER ER TABELLEN OVER ANDREPLASS-LAGA:
– Blir tøft for oss
I svensk media har landslagstrenar Erik Hamrén og dei spelarane lagt seg flate etter fiaskoen.
Tapet kan ha kosta Sverige den viktige andreplassen, meiner Jonevret.
– Det kan stemme. Det blir tøft for oss framover. No er ikke alt avgjort, men sjølv om vi ikkje blir beste toar kan vi alltids bli nummer to i vår gruppe, seier spionen.
Det er fleire også fleire utfordrarar bak Norge og Sverige som enno ikkje er hekta av kampen om andreplassen.
Men alle har dei store utfordringar mot slutten.
- Montenegro har gruppeleiar England heime og tredjeplasserte Sveits borte.
- Irland får ein ganske grei kamp mot Armenia, men møter også Russland borte tysdag. Har i tillegg eit oppgjer med sisteplasslaget Andorra.
- Kroatia får ei utfordring i bortemøtet med gruppeleiar Hellas 7. oktober. Har i tillegg tredjeplasslaget Israel og Latvia igjen.
- Tsjekkia får eit tøft møte med Spania. Har elles eit bortemøte med Litauen igjen på programmet.
- Bosnia-Hercegovina møter tredjeplasslaget Kviterussland til veka og gruppeleiar Frankrike borte 11. oktober. Møter i tillegg sisteplasslaget Luxembourg.
Sverige har igjen tre kampar: Borte mot Finland og ein vanskeleg heimekamp mot Nederland heilt på slutten. I tillegg kjem ein kamp mot sisteplasslaget San Marino.
– Det er fleire som kan ta denne plassen, som til dømes Kroatia. Men det beste hadde vore om eit skandinavisk lag blei beste gruppetoar, seier Jonevret.
Toppfotballsjef Nils Johan Semb er optimistisk foran rotteracet denne hausten.
– No er vi i finaleheatet. Sverige tapte mot Ungarn og det betyr at kanskje uavgjort i Parken og Kypros-siger er nok til å gå direkte til EM, sa toppfotballsjef Nils Johan Semb etter Island-sigeren.
– Norge må vinne i Parken
Sjølv er Jonevret klar på kven han vil juble for når avgjerande poeng skal delast mellom Egil Olsens og Morten Olsens i Parken neste veke.
– Eg held med Norge, sjølv om eg no er mest svensk. Men eg kjenner ein del spelarar i Norge. Det hadde vore kult om dei vann i Parken, seier Jonevret.
At det kan gå heile vegen til EM for «Drillos» er han overbevist om. Og særleg etter slitesigeren mot Island meiner han at Norge viser evna til å plukke dei poenga som til slutt skiljer lag som lukkast og ikkje.
Men for å bli beste toar bør Norge vinne i København, trur spionen.
– Kampen får eg ikkje sett, diverre. Eg må sjå Finland mot Nederland. Men Norge viser no at dei lukkast sjølv om det går trått. Samstundes veit ein ikkje kor ein har Danmark for tida, men eg sit med inntrykket av at Norge må vinne den kampen, seier Jonevret.