NRK Meny
Normal

Ny eigar i Newcastle

Den engelske klubben Newcastle United vart torsdag selt til ein engelsk entreprenør.

Mike Ashley

Mike Ashley

Foto: AP

Newcastle United blir teken over av Mike Ashley sitt firma St. James Holdings Ltd. Klubben blir verdsett til 134 millionar britiske pund eller rundt 1,6 millardar kroner.

Den mykje omtalte styreleiaren i klubben, Freddy Shepherd, gjekk i går med på å selje sine aksjar i Newcastle til Mike Ashley.

Shepherd skal likevel halde fram i styret i klubben, medan den nye eigaren skal halde ein lav profil.

Mike Ashley er den 25. rikaste mannen i Storbritannia.

I forrige månad vart Sam Allardyce presentert som ny manager i Newcastle United. Klubben har selt Scott Parker til West Ham, medan Joey Barton og Mark Viduka er på veg inn stadionportane på St. James Park.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia