Hopp til innhold

Laurdag blir denne mannen historisk

Når Victor Wanyama frå Kenya laurdag truleg debuterer for Southampton, blir han historisk. For dermed har 100 nasjonar utanom dei britiske hatt spelarar i Premier League.

Victor Wanyama

Victor Wanyama blir den første spelaren frå Kenya i Premier League. Og dermed har 100 nasjonar utanom Storbritannia vore representerte i PL gjennom tidene

Foto: Getty Images / Getty Images

Han er den aller første frå sitt land som får lov å spele i Premier League – men han er typisk for den engelske toppdivisjonen, der toppspelarar frå heile verda møtest. Endå ein ny nasjon er i ferd med å bli representert.

Det fortel litt om den smeltedigelen øvste serienivå i England har blitt etter at Premier League vart eit faktum for 21 år sidan. 100 land er nesten halvparten av alle nasjonar som finst i verda.

Kan takke lærarinna

Den 22-år gamle midtbanespelaren frå Kamunkunji utanfor Nairobi kan takke ei 48 år gammal lærarinne for at han har nådd denne milepælen. Sophie Makoba såg tidleg det unike talentet til Victor.

– Allereie då han var 13 år dominerte han kampar mot spelarar som var tre år eldre, minnest lærarinna.

– Eg såg at fleire av elevane hadde større sjansar for suksess i idrett enn for tradisjonell undervisning. Derfor la vi til rette for at også dei skulle få utvikle evnene sine, seier Makoba, som sjølv har elska fotball så lenge ho kan minnast.

– Vi hadde ikkje bane i landsbyen, så vi måtte låne ei bane i nabolandsbyen for treningane, seier Makoba til Mail on Sunday .

Eldstebroren fekk avslag

– Men bana der var så mykje i bruk at vi måtte vere der svært tidleg. Vi brukte å begynne klokka 05.30, og var ferdige klokka sju, slik at spelarane skulle rekke fram til skulen før klokka åtte.

Det gav resultat i form av eit miljø som fekk fram så mange gode unge spelarar at talentspeidarane fatta interesse for den lokale klubben. Mange av ungdomane som den fotballinteresserte lærarinna losa inn i fotballmiljøet, kom seg ut til profesjonelle ligaer med stor suksess.

Men unge Victor er den første som har klatra heilt til Premier League. Det var det eigentleg hans eldre bror McDonald (26) som skulle ha blitt. Men då Manchester City ville signere han i 2010, fekk han ikkje arbeidsløyve. Han hamna i staden i Inter og Serie A.

– Enorm PL-interesse i Kenya

Trass sin unge alder har Victor Wanyama lang erfaring. Som 15-åring vart han proff i AFC Leopards i heimlandet. Turen gjekk vidare til Helsingborg, Beerschot (Belgia) og Celtic, der han scora i sigeren mot Barcelona (2-1) i meisterligaen i fjor haust. Det var frå Celtic han kom til Southampton i sommar.

– Premier League er den mest populære ligaen i Kenya, og Victors deltaking kjem til å auke interessa endå meir, seier Sophie Makoba. Ho er sjølv glødande Manchester United-tilhengar, har mann og ein son som heiar på Arsenal, og ein annan son som er svoren Chelsea-fan.

Men for unge Victor er det Southampton som gjeld. I kampen mot West Bromwich i ligaopninga laurdag blir Kenya den utanlandske PL-nasjonen nummer 100 når ligaen sesongopnar laurdag.

Utlendingane i fleirtal

Thierry Henry

Arsenals Thierry Henry er i ei avstemning kåra til den beste utlendingen i PL gjennom tidene, og Frankrike er også det 'utlandet' som har levert flest spelarar til PL

Foto: Matt Dunham / Ap

For ordens skuld: Spelarar frå Skottland, Wales og Nord-Irland er ikkje rekna som utlendingar i denne samanheng.

Ved årets PL-start er 63 utanlandske nasjonar representerte i troppane til dei 20 klubbane. Dei er i fleirtal med 53,6 av alle spelarane.

263 av totalt 566 spelarar er frå dei fire britiske nasjonane – det vil seie 46,4 prosent. Engelske spelarar åleine er rettnok framleis den største enkeltgruppa – 207 engelskmenn er i troppane ved sesongstart. Men dei utgjer berre 36,6 prosent – berre litt meir enn kvar tredje spelar er engelsk.

Flest engelskmenn i walisisk klubb

Det er tal som Englands landslagssjef Roy Hodgson ikkje likar. Han skulle gjerne hatt fleire av toppspelarane i landets eigen liga å velje mellom. Færrast kandidatar av alle finn han i klubben han tidlegare var manager for, Fulham. Der er berre fire i troppen engelskmenn. 19 er frå andre land enn «The Home Countries».

Flest finn han utanfor Englands grenser. Wales-klubben Cardiff har flest engelskmenn i troppen med 16.

37 nasjonar har vore innom PL tidlegare, men er ikkje med no. Blant dei er Kina og Russland.

Arsenal utan utlendingar i 1989

Før Premier League var det mykje lenger mellom utlendingane i den engelske toppdivisjonen. I 1988–89 blei Arsenal det siste laget som vann ligaen utan utlendingar.

Ti år seinare hadde pendelen svinga heilt over til den andre sida. 2. juledag i 1999 vart Chelsea første laget som hadde 11 utlendingar i startellevaren i ein ligakamp.

Men det er ein Arsenal-spelar som er den beste utlendingen i PL gjennom desse 21 åra - ialfall ifølgje ei kåring i sportingintelligence.com . Nettstaden bad publikum komponere sin beste 11-ar av utlendingane, og Henry var med i 85 prosent av oppstillingane. Han spela 254 kampar for Arsenal frå 1999 til 2007. Patrick Vieira (Arsenal 1996-2005) og Cristiano Ronaldo (Manchester United 2003-2009) følgde med 81 og 77 prosent.

Aas og Hareide først frå Noreg

Åge Hareide og Einar Jan Aas

Norske pionerar i engelsk toppdivisjon: Einar Jan Aas (Nottingham Forest) og Åge Hareide (Manchester City) reiste til England i 1981. Her har dei for første gong møtt kvarandre i ligaen

Foto: Jakobsen, Arild / SCANPIX

I 1930 trassa Arsenal det engelske fotballforbundet (FA) og signerte ein nederlandsk keeper. FA svarte med ein regel om at ingen kunne få spele profesjonell fotball i England utan å ha budd fast i Storbritannia i minst to år.

Det bremsa nokså effektivt utanlandsimporten, og denne restriksjonen vart ikkje oppheva før i 1978, då EU kravde friare flyt av arbeidskraft – også fotballspelarar.

Då vart det lettare, og dermed kunne Einar Jan Aas (Nottingham) og Åge Hareide (Manchester City og Norwich) bli dei første nordmennene i England tidleg på 80-talet.

Mange nordmenn har følgt etter, men nokre dagar før årets sesongstart er det berre fire av dei: Brede Hangeland og John Arne Riise i Fulham, Alexander Tettey i Norwich og Jonathan Parr i Crystal Palace.

PS: Det er framleis fleire dagar til ligastart og endå fleire dagar til overgangsvindauget stengjer, så desse tala vil nok kome til å endre seg litt.

Fotball

  • Bekreftet: Nottingham fikk poengtrekk-anke avslått – smell i nedrykksstriden

    Premier League-klubben Nottingham Forest nådde ikke fram med sin anke knyttet til de fire minuspoengene klubben er ilagt for økonomiske regelbrudd.

    Det opplyser Premier League. Velrenommerte The Athletic skrev tidligere tirsdag om utfallet av ankebehandlingen. Avslaget kan potensielt få store konsekvenser for nedrykkskampen i den engelske toppdivisjonen.

    Anken skal ha blitt behandlet i kjølvannet av en høring 24. april. Utfallet ble angivelig å opprettholde straffen.

    Nottingham ble i mars ilagt fire poeng trekk av en uavhengig kommisjon. Bakgrunnen var brudd på Premier Leagues regler for lønnsomhet og bærekraft.

    Klubben kunne angivelig ha blitt trukket seks poeng, men endte med fire som følge av at klubben vedkjente forholdet og samarbeidet godt med kommisjonen i etterforskningen.

    Med to kamper igjen av sesongen ligger Forest på plassen over nedrykksstreken. Luton under streken er tre poeng bak. (NTB)

    FILE PHOTO: Premier League - Tottenham Hotspur v Aston Villa
    Foto: David Klein / Reuters
  • Moyes ferdig i West Ham etter sesongen

    West Ham bekrefter at David Moyes er ferdig som manager i klubben etter sesongen.

    I en pressemelding mandag kveld skriver Premier League-klubben at Moyes og klubben er enige om å avslutte samarbeidet etter fire og et halvt år.

    – Jeg har virkelig likt å jobbe med alle i West Ham, og vil takke styret for å gi meg sjansen til å lede denne fantastiske klubben, sier Moyes.

    I løpet av sin periode i London-klubben, ledet 61-åringen dem blant annet til seier i Serieligaen forrige sesong. Det var West Hams første store trofé siden de vant FA-cupen i 1980.

    – David har vært ansvarlig for en periode i vår historie med stor fremgang og suksess, og vi er ekstremt takknemlige for hans harde arbeid, engasjement og dedikasjon til rollen, sier styreleder David Sullivan.

    Med to kamper igjen av sesongen ligger West Ham på niendeplass i Premier League.

    Lørdag spiller de sesongens siste hjemmekamp mot Luton. Klubben skriver at Moyes vil få den hyllesten han fortjener fra supporterne ved at avskjeden allerede har blitt opplyst om.

    Samtidig som Moyes bekreftes ferdig i klubben, skriver både BBC og The Athletic at spanske Julen Lopetegui blir ny manager i West Ham.

    57-åringen skal være enig om betingelsene, men har så langt ikke signert papirene. Spanjolen har vært uten jobb siden han ble sparket i Wolverhampton i august i fjor. (NTB/NRK)

    David Moyes
    Foto: Maja Smiejkowska / Reuters
  • Brann med skarp advarsel til fansen

    Brann fraråder på det sterkeste supportere om å kjøpe billetter til 16. mai-kampen mot Sandefjord på svartebørsen. Klubben påpeker at dette er ulovlig.

    Branns hjemmekamp på fotballens festdag ble som alltid utsolgt på svært kort tid. Nå har bergensklubben registrert at mange både ønsker å selge og kjøpe til billetter til langt over markedspris.

    På egne nettsider advarer Brann mot å la seg lokke av dette.

    «Kort tid etter at det åpne salget av billetter til 16. mai-kampen mot Sandefjord startet var det utsolgt, og det er mange som prøver desperat å sikre seg billetter. Brann vet også at flere tilbyr seg å selge sin plass til en grov overpris», skriver klubben i en uttalelse.

    Svartebørs-salg omtales videre som uakseptabelt og et brudd på norsk lov.

    (NTB)

    Eliteserien 2023: Hamkam - Brann
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Svein Oddvar Moen gir seg som toppdommer

    Svein Oddvar Moen gir seg som toppdommer og blir ansvarlig for VAR i Norge. Det skriver Norges Fotballforbund i en pressemelding.

    Rollen som VAR-ansvarlig strekker seg ut året. Moen har dømt på toppnivå siden 2003.

    – Det er virkelig en spennende utfordring, og jeg gleder meg til å få være med på å utvikle VAR og norsk fotball. Jeg gir meg som dommer på banen litt tidligere enn jeg hadde tenkt, men det er en tid for alt, sier Moen i pressemeldingen.

    NM fotball cup 2023: Molde - Strømsgodset
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Van Dijk bekrefter: Blir en del av «nye» Liverpool

    To kamper i Premier League gjenstår før manager Jürgen Klopps ni år lange regjeringstid på Anfield er over.

    Virgil van Dijk har ett år igjen av kontrakten med klubben som må igjennom en betydelig forandring når tyskeren forsvinner ut av porten.

    Alt tyder på at van Dijks landsmann Arne Slot blir Klopps erstatter.

    – Fokuset er på de to siste kampene, og deretter må vi konsentrere oss om hvem som blir ny manager og hvordan den overgangen blir. Jeg blir en del av det, sa van Dijk etter søndagens 4-2-seier over Tottenham.

    Det er ikke kjent hvilke spillere som forsvinner og hvem som blir på Anfield, men van Dijk sier at det ikke er noen tvil for hans del.

    – Jeg trives her, og jeg elsker klubben, sier 32-åringen. (NTB)

    Virgil van Dijk
    Foto: AP
Erling Braut Haaland