Hopp til innhold

Målkalas i uavgjortland

ANALYSE: Odd nedsabla Mjøndalen i duellen mellom to av uavgjortekspertane i eliteserien. Det viser at forskjellane mellom typiske uavgjortlag ofte er større enn ein skulle tru.

Mjøndalen - Odd
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

«I Verdensmesterskapet i 1990 var det ingen som spilte så logisk fotball som Egypt. Så djupt tenkt, så konsekvent, så nær fotballens idé som det lot seg gjøre».

Desse orda er henta frå Dag Solstad sin del av VM-boka 1990. Solstad er begeistra for Egypt på grunn av evna deira til å spele uavgjort. For Solstad er det eit perfekt resultat, fordi det representerer fotballens normaltilstand. Alle fotballkampar er uavgjorte i det dei startar.

Les: Innbytter ble tomålsscorer i nimålsfest

Dag Solstad

LOGISK: Dag Solstad har skrive fleire VM-bøker, og hyllar Egypts logikk og uavgjortresultat i VM 1990

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Overført på norsk eliteserie anno 2015 burde Solstad vere særleg nøgd med innsatsen til fire lag: Lillestrøm, Sarpsborg, Odd og Mjøndalen. Før denne runda hadde dei alle spelt uavgjort sju gonger.

Men ingen av desse laga lever opp til Solstad sin definisjon av fotballens idé, fordi dei korkje har vore spesielt kløktige og konsekvente. Faktum er at dei har vore alt anna enn konsekvente – og derfor sanka den same poengsummen mange gonger.

Tillat meg å forklare dette paradokset. Sju uavgjorte av sytten mulege skulle jo tale for ein viss grad av konsistens. Men alle dei fire laga speler mykje uavgjort fordi prestasjonane svingar, frå den eine enda av skalaen til den andre. Anten slit dei med å halde på leiinga, eller så har dei ein tendens til å hamne bakpå og må jage ei sein utlikning.

Uavgjort - men ikkje på likefot

Der har du Mjøndalen og Odd i eit nøtteskal denne sesongen. Odd har ofte hatt føringa i sine kampar, men ikkje makta å halde på overtaket. I seks av sju uavgjortkampar har dei hatt leiinga, for så å rote det til etter pause. Det mest ekstreme tilfellet er 3-3-kampen mot Start i 13. runde, då dei leia 3-1 til pause men likevel tapte sigeren mot slutten.

Mjøndalen, derimot, har fleire gonger greidd å hale i land eit poeng i siste liten. Førre møte mellom laga var typisk i så måte. På Skagerak Arena i april enda det 2-2. Odd leia 2-0 til pause, Mjøndalen slo tilbake med ein energisk 2. omgang og sikra uavgjort på overtid, ved Sanel Kapidzic.

Ein skulle tru at lag som speler mykje uavgjort ligg nært kvarandre på tabellen, men slik er det ikkje alltid. Før denne runda var det heile ni poeng mellom Odd og Mjøndalen. No er gapet endå større, og alt tydar på at dette er to lag som ikkje kjem til å avslutte sesongen i same sjikt.

Denne skilnaden handlar om at dei har hatt svært forskjellig utteljing i kampane som ikkje har enda uavgjort. Det ser ein av målprotokollen. Odd har fem plussmål, Mjøndalen har seksten minus. Når det først raknar for bruntrøyene, kan det gå skikkeleg gale, som i 5-1-tapet mot Bodø/Glimt og 4-1-tapet Lillestrøm. For ikkje å snakke om dagens kamp, då måla trilla inn.

Her ligg sjølve nøkkelen til å forstå den negative utviklinga Mjøndalen har hatt i årets sesong. Dei var nemleg gjerrige i starten av serien. Null baklengsmål i opningskampen mot Viking, dernest to kampar med eitt baklengsmål i kvar, så to baklengs mot Odd, før dei fekk smekk Lillestrøm i runde fem, då det vart fire baklengs. Den nakne sanninga er at MIF har sleppt inn mål i sine 17 siste eliteseriekamper.

Dagens tap var den tiande kampen på rad utan siger. «Når er jeg redd for at høsten kan bli slem», syng Lars Lillo Stenberg i DeLillos-klassikaren «Siste sommerferiedag». For Mjøndalen kan dette fort verte soundtracket til haustsesongen, viss dei ikkje makter å heve nivået.

Batteri med kort levetid

Vegard Hansen

DABBAR AV: Når det først raknar for Mjøndalen, raknar det skikkeleg. Trenar Vegard Hansens lag har berre energi til ein konkurransedyktig omgang, meiner kommentatoren

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Ei ekstra bør til byrden for Mjøndalen er at den heroiske innsatsen dei vart kjende for i innleiinga, har dabba av. For medan dei har avgjort enkelte kampar til sin fordel heilt på slutten, har også det motsette hend fleire gonger. Dei burde til dømes hatt ein åttande uavgjortkamp, heime mot Bodø/Glimt i 16. runde, men då slo forsvarsmuren sprekk på overtid.

Hovudproblemet til Mjøndalen er at dei berre har nok energi til éin konkurransedyktig omgang. At trenar Vegard Hansen rår over ein mager tropp gjer ikkje tilstanden betre. Skal Mjøndalen ha håp om å overleve i årets eliteserie, må dei nok handle før overgangsvindauget stenger.

Energi er også eit dilemma for Odd sin del. Dag-Eilev Fagermo er kjend for å mønstre lag med stor løpskapasitet. Sjølve symbolet er duracellkaninen Jone Samuelsen på midtbanen. Denne tilnærminga gir stort tempo og dominans i mange kampar, men byr samstundes på vesentlege problem når batteriet er utlada.

Statistikken eksponerer dette klart og tydeleg. Odd har ikkje tapt når dei har scora det første målet, men i seks av sju uavgjortkampar har dei ikkje klart å forsvare leiinga. I alle desse har dei scora tidleg, for så å sleppe motstandaren inn i kampen i løpet av andre omgang.

Eit tilleggsproblem er at Odd ikkje har vunne ein einaste kamp der motstandaren har scora først. Dei er altså sårbare både når dei sjølv scorar tidleg og når motstandaren gjer det. Denne er denne trenden dei må snu viss dei skal halde seg flytande i medaljekampen utover hausten.

Det klarte dei i dag. Odd valsa over Mjøndalen så til dei grader i første del av kampen. «Energilaust og skuffande», sa MIF-kaptein Joachim Solberg Olsen i pausa.

Meir presist kunne det neppe seiast på det tidspunktet.

Dag Eilev fagermo

JUBEL: Dag Eilev Fagermo jublar for Odd-siger. Men Odd har vanskar med å hale på leiinga, og sleppte også i dag motstandaren inn i kampen igjen

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Med uavgjort på lur

Men sanneleg måtte Odd sjå leiinga skrumpe inn denne gongen også. Mjøndalen-reduseringa rett før pause var fullstendig i pakt med all logikk. Like etter pause hadde dei to kjempesjansar, og i det 57. minutt gav Kapidzic nytt håp til heimepublikum med nok ei redusering. Den gleda vart kortvarig, men Mjøndalen slo nok ein gong tilbake, då same mann reduserte til 5-3 heilt på tampen.

Denne smått utrulege kamputviklinga blottstilte den statistiske fortellinga om desse laga: Odd sin hang til å gire ned når kampen har gått inn i eit komfortabelt spor, og Mjøndalen sin hang til periodar med enormt høg intensitet.

Med denne tendensen i bakhovudet, er det for tidleg å utrope Odd til ein opplagt medaljekandidat. Når sjølv 3-0 og 5-2 kan vere farlege leiingar, er ikkje alt som det bør vere. I dag vart Odd redda av at Mjøndalen måtte leggje seg dristig høgt i heile andre omgang. Då låg alt til rette for at Odd kunne utnytte den formidable kontringsstyrken laget innehar.

6-3 på bortebane er for all del ein sterk prestasjon av Odd, sjølv om det kom mot eit Mjøndalen-lag som er inne i ein miserabel fase. Viss Odd klarer å gjenta det dei fekk til i dag – å slå tilbake under press – i møte med tøffare motstand, bør dei kunne henge med i medaljestriden.

For Mjøndalen sin del handlar det om å overgå det Egypt-laget Dag Solstad hylla i 1990. Dei hamna nemleg sist i VM-pulja si, trass i den guddommelege evna til å spele uavgjort. Og nedrykk må då vere temmeleg langt frå fotballens idé, sjølv om det elles går an å dele Solstad si alternative fotballforståing.

Laster innhold, vennligst vent..
Ødegaard Haaland
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Fotball

  • Klopp åpner for Liverpool-comeback: – Er mulig

    Jürgen Klopp vil ikke utelukke at han tar en ny periode som Liverpool-manager i framtiden. Samtidig røper han å ha takket nei til Manchester United.

    Det er i en fersk episode av podkasten «Diary of a CEO» at tyskeren forteller åpenhjertig om en rekke temaer.

    I samtalen får Klopp, som nå er fotballsjef i Red Bull, spørsmål om han kan finne på å returnere til Anfield som manager.

    – Jeg har sagt at jeg aldri kommer til å trene et annet lag i England, så det betyr at hvis jeg vender tilbake, blir det til Liverpool, svarer Klopp.

    – Så ja, teoretisk sett er det mulig, legger han til.

    Innholdet i podkasten er gjengitt av blant andre Sky Sports.

    Klopp sier også at han ikke er sikker på hvilke brikker som må falle på plass for at han skal ta en ny periode på Anfield. Akkurat nå savner han ikke det å være manager.

    I samtalen forteller han at Manchester United skal ha tatt kontakt med ham i 2013.

    – De prøvde. Det var feil tidspunkt, feil øyeblikk. Jeg hadde kontrakt i Dortmund og ville ikke ha reist, egentlig ikke for noen annen klubb på den tiden, sier Klopp.

    Om årsaken til at han ikke ville til United, sier tyskeren at det dukket opp ting i samtalen med klubben han ikke likte. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Jan Woitas / AP / NTB
  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB
Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
Video: Disney
Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.