Hopp til innhold

Kunsten å vere middels

KOMMENTAR: Kveldens heimetap mot Strømsgodset sementerte Lillestrøm sin posisjon midt på eliteserietabellen. Men er middels eigentleg så dårleg?

 Lillestrøm - Strømsgodset.

TAP: Lillestrøm tapte sin kamp nr 1000 på øverste nivå søndag.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Lillestrøm spelte sin kamp nr. 1000 på rad i eliteserien, men det var det einaste spesielt minneverdige ved oppgjeret for heimelaget sin del. Strømsgodset klarte nemleg det dei ikkje har greidd sidan 1997 – å slå Lillestrøm heime og borte i serien. Eit seint mål frå Gustav Wikheim var nok til å ordne den biffen.

Etter tap i jubileumskampen er LSK trygt plassert midt på tabellen. Fotballens limbo. Ingenmannsland. Øydemarka. Dette veit dei alt om i Milano i desse dagar, etter ein sesong der både Milan og Inter dreiv retningslaust omkring, som astronautar i vektlaus tilstand, og nærast overgjekk kvarandre i å vere det mest middelmåtige laget i Serie A.

Slik innsats fører ofte til sikker plass i gløymeboka. Lat oss køyre ein test: Hugsar du Start-laget frå 2009-sesongen? Eller kva med 2005-versjonen av Odd? Nei?

Slett ikkje rart, all den tid desse laga hamna midt på eliteserietabellen – så langt borte frå fokus som det er muleg å kome. Det er som regel berre den harde supporterkjernen som hugsar dei sesongane då det korkje gjekk spesialt bra eller spesielt dårleg med favorittlaget.

Kva så med årets middelhavsfarar i eliteserien? Går det an å påstå at dei har noko kjenneteikn, bortsett frå det sjølvsagte faktum at dei kjempar midt på tabellen?

Middels felles multiplum

Dei laga som ligg på midten akkurat no, har det til felles at prestasjonane har svikta fundamentalt på minst eitt plan. Start slepp inn like mange mål som dei scorar.

Odd har ofte initiativet i sine kampar, men speler likevel mykje uavgjort. Lillestrøm kan vere tøffe å overvinne, men scorar for lite. Det er symptomatisk at det måtte eit straffespark til for at kanarifuglane skulle score i jubileumskampen.

Og når dei først scorar mykje, lekk forsvaret, som i 3-3-kampen mot Haugesund sist runde, og i kveld, då Wikheim putta heilt mot slutten.

Då eg såg Lillestrøm-Strømsgodset siste treningskamp før sesongstart, var eg trygg på éin ting: at LSK kom til å vere eit middels lag i årets eliteserie, nettopp fordi dei kjem til kort på enkelte punkt, særleg offensivt. Ved halvspelt serie står den vurderinga ved lag.

Det som derimot ikkje har stått seg så godt, er påstanden min om at Godset kunne kome til å vere eit betre lag utan Martin Ødegaard.

Når dei ikkje har vore det, handlar det mindre om tapet av Ødegaard og meir om generell ustabilitet. Den ambisiøse tilnærminga til David Nielsen, som rokkerte på formasjonar og roterte på spelarar med hyppig frekvens, medførte at SIF aldri fann seg sjølv. Skadde nøkkelspelarar gjorde vondt verre.

No, derimot, med fem sigrar på seks kampar, er SIF i ferd med å suse bort frå den nitriste tilstanden som ofte rår midt på tabellen.

Middels som ideal

Men for enkelte lag er midten av tabellen faktisk eit mål å trakte etter. Slik er det for LSK denne sesongen. Dei er for gode til å rykke ned, for dårlege til å vere i toppen.

Målsetnaden før sesongen var å kjempe opp mot der dei hamna i fjor, det vil si 5. plass. Etter ei serieopning av den heller svake sorten, er det faktisk ein opptur at dei er i nærleiken av det sjiktet. Viss dei endar opp med middels pluss i karakterboka ved sesongslutt, kan dei klappe seg sjølv forsiktig på skuldra.

Realiteten er at LSK-trenar Runar Kristinsson rår over eit heilt greitt spelarmateriale, som er i stand til å spele heilt grei fotball. Lillestrøm er ikkje mange glepptak unna botnstrida, men laget held stø kurs ved å prestere i tråd med det gjennomsnittlege potensialet sitt. Dei lever opp til den kjende definisjon av middels: «det som ikkje utmerker seg i nokon retning».

Men ingen regel utan unntak. I LSK-kretsar heiter unntaket Moryké Fofana, som er ein av dei verkeleg store profilane i årets eliteserie. Han har scora i kvar av dei sju siste kampane LSK har scora i. At han sat inn straffemålet til Lillestrøm i kveldens jubileumskamp var sånn sett heilt i tråd med manus.

Det jamne travet mot middels pluss er også eit resultat av visse taktiske endringar frå Kristinsson si side. LSK spelte 4-2-3-1 i heile sesongoppkøyringa, men i enkelte kampar har Kristinsson lagt om formasjonen til 4-4-2. Det har – typisk nok – gitt blanda utteljing. I nokre kampar har det gjeve meir trykk offensivt, i andre, som i kveld, mindre kontroll på midtbanen.

Farvel til midtsjiktet?

For SIF, derimot, vil ei middels tabellplassering vere direkte skuffande. Då dei etablerte seg i midtsjiktet i første del av sesongen, var ambisjonsnivået openbert på eit mykje høgare plan enn prestasjonsnivået. Det var dette misforholdet som skulle justerast då Bjørn Petter Ingebretsen overtok jobben etter David Nielsen.

Med Ingebretsen ved roret har det unekteleg sett lysare ut. Laget er tilbake i velkjende 4-3-3 med klassisk vingspel, eit trekk som særleg har fungert godt med tanke på å revitalisere Gustav Wikheim – banens beste mot LSK i kveld.

Dei fine resultata har medført at stemninga i Godset-troppen er på stigande kurs. “Den mest sympatiske mannen i norsk fotball”, var merkelappen Adam Larsen Kwarasey gav Ingebretsen då eg intervjua den tidlegare Godset-keeperen i Portland for ein månad sidan.

Ein sympatisk trenar er ikkje tilstrekkeleg i og for seg, men det latar absolutt til at Ingebretsen har klart å sprute ny bensin på SIF-bålet. Laget har klart å løfte seg akkurat det hakket som trengst for å vinke farvel til den grå materien som utgjer midten av eliteserien.

Litt heldige har dei rett nok vore, slik det gjerne er med lag som opplever ein opptur. Eg vil påstå at dei berre har fått ut makspotensialet sitt i periodevise glimt. Mot LSK rulla dei opp eit par fine angrep i kvar omgang, men var også rådlause og nølande andre gonger då sjansen baud seg.

Eit scenario frå seint i første omgang er illustrerande: Thomas Sørum vinn ballen høgt i sentral posisjon, men kantspelarane Wikheim og Kastrati er for djupt nede til å ta overgangen.

Den gylne middelvegen til framtidig suksess

“Mediocrity is not an option” er ein velkjend floskel frå privat næringsliv. Men det er viktig å hugse at det å vere middelmåtig og det å hamne midt på tabellen ikkje alltid er synonymt i fotballsamanheng. I alle fall ikkje så lenge prestasjonspila peikar i positiv retning.

Det gjer det heilt klart for SIF sin del, som er på god veg mot å spele betre fotball enn tidlegare i sesongen. Med bra flyt i andre halvdel av sesongen kan dei definitivt melde seg på i medaljekampen.

Kanskje kan det vise seg å vere bra for LSK å hamne midt på tabellen. Det vil vere i tråd med målsetnaden og gi klubben eit stabilt fundament å byggje vidare på mot 2016. Det er ein sober prestasjon, ei kjelde til lærdom fram mot neste sesong. Viss dei klarer å vidareutvikle unge spelarar som Fred Friday og Bonke Innocent, har dei spanande ting på lur for framtida.

Ødegaard Haaland
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Fotball

  • Klopp åpner for Liverpool-comeback: – Er mulig

    Jürgen Klopp vil ikke utelukke at han tar en ny periode som Liverpool-manager i framtiden. Samtidig røper han å ha takket nei til Manchester United.

    Det er i en fersk episode av podkasten «Diary of a CEO» at tyskeren forteller åpenhjertig om en rekke temaer.

    I samtalen får Klopp, som nå er fotballsjef i Red Bull, spørsmål om han kan finne på å returnere til Anfield som manager.

    – Jeg har sagt at jeg aldri kommer til å trene et annet lag i England, så det betyr at hvis jeg vender tilbake, blir det til Liverpool, svarer Klopp.

    – Så ja, teoretisk sett er det mulig, legger han til.

    Innholdet i podkasten er gjengitt av blant andre Sky Sports.

    Klopp sier også at han ikke er sikker på hvilke brikker som må falle på plass for at han skal ta en ny periode på Anfield. Akkurat nå savner han ikke det å være manager.

    I samtalen forteller han at Manchester United skal ha tatt kontakt med ham i 2013.

    – De prøvde. Det var feil tidspunkt, feil øyeblikk. Jeg hadde kontrakt i Dortmund og ville ikke ha reist, egentlig ikke for noen annen klubb på den tiden, sier Klopp.

    Om årsaken til at han ikke ville til United, sier tyskeren at det dukket opp ting i samtalen med klubben han ikke likte. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Jan Woitas / AP / NTB
  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB
Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
Video: Disney
Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.