– Han er ein trenar som krev at spelarane er godt trent, seier Blackburn-proff Morten Gamst Pedersen om Carews nye manager i West Ham, Sam Allardyce.
Carew gjekk inntil nyleg klubblaus i fleire månader. No får han ei tøff oppgåve med å komme seg i form for å imponere Allardyce, trur agent Terje Liverød.
– Allardyce er ein mann som har funne gull i avdanka spelarar før. Men sidan han legg mykje vekt på fysiske testar undrar eg meg litt over at han henta Carew, seier Liverød.
– Kan børste støvet av Carew
Både Liverød og Gamst Pedersen har jobba med og under Allardyce. «Big Sam» var Gamstens trenar frå 2008 til 2010. Dei fortel om ein grundig trenar som veit kva han vil.
– Han er ikkje redd for å seie ifrå. Han er den første til å gje ros, men også den første til å fortelje om det er noko som ikkje fungerer, seier Gamst Pedersen.
Men sjølv om Carew no har nokre harde veker og månader framfor seg, trur begge at spelaren har komme til rett klubb.
– Allardyce kan børste støvet av Carew, seier Liverød.
– Han er dyktig med folk, og kan hjelpe Carew tilbake, meiner Gamst Pedersen.
Carew: – Han er ein stor manager
Carew sjølv var i går stor i ord om sin nye manager.
– Eg har høyrt om han frå andre spelarar, tidlegare lagkamerater eg kjenner som har spelt under ham. Dei har alle hatt fantastiske ting å seie om han.
– Han snakka godt til meg, og eg synst han er ein stor manager. Eg er veldig glad for å spele for han og for klubben, sa Carew.
Gamst: – Carew vil dominere
Sist Carew var i aksjon spelte han 60 minutter i EM-kvalifiseringen mot Portugal.
Då fekk han kritikk av landslagssjef Egil «Drillo» Olsen for å ikkje vere i toppslag.
– Han er i brukbar fysisk form. Men eg skulle gjerne sett han enda skarpare i kantane, sa Drillo til NRK etter møtet med Portugal i juni.
Hakket skarpare enn i møtet med Portugal kan Carew bli. Og då er Championship perfekt for nordmannen å starte opp igjen i, meiner Gamst Pedersen.
– Eg trur han kjem til å dominere i fleire kampar. Han er stor og sterk, og veit kva som skal til for å lukkast i England. No gjeld det bare å komme tilbake i kampform. Då kan han utrette mykje i ligaen, seier Gamst.
Kjem aldri tilbake i toppen
Så spørst det om Carew blir god nok til å spele i ein stor liga igjen. Terje Liverød har tidlegare uttalt at nordmannen aldri vil komme tilbake til øvste nivå i eit stort fotballand. Det står han enno fast ved.
– Skulle han komme tilbake må det i så fall bli med West Ham til Premier League, seier Liverød.