Hopp til innhold

UFO-sverm avbraut fotballkamp

Det var eigentleg ein heilt vanleg kamp i reservelagsserien i Toscana ein dag på 50-talet. Men grunnen til at kampen måtte avbrytast, var alt anna enn vanleg: Ein sverm med lysande UFO-ar som tok til å fly over bana.

Stadio Artemi Franchi

Det var her det skjedde: Over Stadio Artemi Franchi samla det seg eit 20-tal uidentifiserte flygande objekt. 60 år etterpå er det framleis ingen som veit heilt kva som skjedde

Foto: Fiorentina / Privat

Tysdag 27. oktober 1954 var ein klår og kjølig ettermiddag. 10.000 menneske hadde møtt fram til lokaloppgjeret mellom B-laga til Italias beste lag på den tid, Fiorentina, og den lokale rivalen Pistoiese på Stadio Artemi Franchi i Firenze.

Andre omgang var så vidt i gang. Så kom UFO-ane over bana, og kampen stansa heilt opp. Publikum, spelarar og dommarar fekk plutseleg helt andre ting enn kampen å tenkje på.

20 sigarforma lysande objekt

Sjeldan har ein fotballkamp blitt avbroten av ei meir spektakulær årsak enn B-kampen mellom Fiorentina og lokalrivalen Pistoiese då rundt 20 sigarforma lys stansa rett over stadion.

Dei blei hengande der ei lita stund, men etter nokre minutt – noko seier fem, andre 15 – reiste dei i sikksakk frå stadion-området.

Og som om ikkje det var nok: Nokre minutt etterpå tok kvite små strimlar til å falle ned over bana. Det blei borte raskt, omtrent som dei første fnugga av nysnø.

Var det invasjon frå verdsrommet? Eller kva var det? Ingen har funne noko klart svar på det som skjedde denne dagen over Stadio Artemi Franchi i Toscana i Italia for 60 år sidan. Den dag i dag er det eit mysterium, det dei opplevde på og rundt bana.

Høyr BBCs radiodokumentar om UFO-episoden.

– Eit ufatteleg syn

Eit par minutt ut i andre omgang, på stillinga 6–2 til Fiorentina, omtrent klokka 14.20, skjedde det: Dei lysande punkta stansa rett over bana. Ingen forstod kva det var.

Fiorentina-supporteren Gigi Boni var blant dei 10.000 på tribunane.

– Eg hugsar godt det ufattelege synet, sa han. – Dei (lysande objekta) kom veldig raskt, så stansa dei heilt opp. Dei såg ut som kubanske sigarar, fortel han.

– Eg trur framleis at det var utanomjordiske vesen. Det finst inga anna forklaring, sa Boni til BBC mange år etterpå.

– Vi gløymde kampen

Fiorentinas landslagsspelar Ardico Magnini spela også kampen. – Vi oppdaga at publikum ropa og såg opp mot himmelen i staden for på oss som spela fotball. Automatisk såg vi opp også, og gløymde kampen. For meg såg det ut som lysande egg som rørte seg sakte. Vi fekk vel nærmast sjokk, seier Magnini.

Dommaren stoppa sjølvsagt kampen der og då. «Fordi publikum såg noko på himmelen», som han skreiv i kamprapporten sin. Først etter at UFO-ane hadde reist sin veg, sette han kampen i gang igjen.

Pistoiese-spelar Romolo Tuci hugsar også svært godt hendinga. Han var i tenåra den gongen, og trur endå fullt og fast på at det var vesen frå andre planetar enn jorda han såg.

– Alle snakka om UFO og utanomjordiske vesen på den tid. Og vi trudde fullt og fast at vi såg dei på direkten, så å seie, seier Tuci. Han trur framleis det var utanomjordiske krefter han såg resultatet av den dagen.

Over heile byen

Det var ikkje berre dei på og rundt bana som opplevde dei flygande objekta.

Lysa var skarpe, sjølv om det var midt på dagen, og kunne sjåast frå heile byen. Også frå nabobyane kom det meldingar om uforklarlege lysande objekt på himmelen den ettermiddagen. Så langt unna som i Venezia var dei observert den dagen.

Forskarar og vitskapsmenn har grubla over hendinga i dei 60 åra som har gått, men utan eit eintydig svar. Dei har mange teoriar og mange mogelege forklaringar, som ulike typar av militær aktivitet. Men ingen har funne fasiten.

Men det kan ikkje ha vore innbilling eller massesuggesjon på stadion. Dei lysande flygande objekta vart nemleg observerte i fleire byar over heile Toscana den dagen og dagane etterpå, meiner Roberto Pinotti, president for Italias nasjonale UFO-senter.

Aviser: Invasjon frå Mars

Innsamling av vitneobservasjonar viser at lysa kom nordfrå, og var først registrert i Prato, nord for Firenze.

– Avisene skreiv om invasjon frå Mars. No veit vi at det ikkje var slik. Men vi må konkludere med at det var eit intelligent teknologisk fenomen som ikkje kan knytast opp til noko vi kjenner på jorda, seier Pinotti.

Hendinga vekte sjølvsagt stor merksemd i pressa. «Ei bølgje av flygande tallerkar over Italia», var overskrifta i avisa Domenica del Coririere.

Pinotti er også forundra over nedfallet som Magnini kallar ”sølvglitter”. Andre har gitt det namnet ”englehår”. Pinotti er usikker på om det hadde nokon samanheng med dei lysande flekkane.

Lokalavisa nedringt

Giorgio Batini var journalist i lokalavisa ”La Nazione” – ei avis som vart nedringt av folk som meir eller mindre skrekkslagne undra seg på kva dette var. I eit tv-program mange år etterpå fortalde Batini korleis han opplevde det.

– Eg gjekk opp på taket på bygningen vi heldt til i, midt i byen. Der såg eg tydeleg lysande ballar som bevegde seg i retning katedralen, fortel han.

Deretter reiste han ut i ein liten skog i utkanten av byen, og fann at bakken var dekka av det lette fine nedfallet. Han klarte å ta vare på noko av det, og tok det med til eit institutt for kjemisk analyse. Der fann dei ut at det inneheldt element av mange ulike stoff, mellom anna silisium og brom. Men det var ikkje radioaktivt.

Mange teoriar

Noko nærmare svaret kom han ikkje. Det har ingen andre gjort heller, 60 år etterpå. Men teoriane er sjølvsagt mange.

Som for eksempel at militære eksperiment med å forvirre fiendtleg radarovervaking kan ha gitt lys som viste seg i skyene. Og at dei mystiske sølvtrådane var eit spesielt spindelvev som edderkoppar brukar for å la seg blåse av garde i vinden. Men ingenting av dette er verken bevist eller spesielt sannsynleggjort i ettertid. Trass mange forsøk.

Fiorentina var beste laget i Italia og eit av dei beste i Europa på den tid. Så om utanomjordiske vesen skulle velje å kome til jorda for å sjå ein fotballkamp, var ein Fiorentina-kamp kanskje eit naturleg val.

Og så var det nesten Halloween.

Fotball

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland