Med eitt poeng borte mot Jordan hadde Japan vore klar for VM i Brasil allereie no. Og poenget var godt innan rekkevidde.
På stillinga 2–1 til Jordan og med 20 minutt att fekk Japan straffe. Men straffen frå Yasuhito Endo vart redda av Jordans keeper, og dermed vart Japan poenglause i kampen i Amman.
Japanarane hadde nok av sjansar både i første og andre omgang, men Jordan gjekk opp i 2–0 før Manchester United-spelaren Shinji Kagawa reduserte to minutt før Japan fekk straffe.
Japan er likevel i realiteten klar for fotballfesten i Brasil neste sommar. Eitt poeng på dei to neste kampane – mot Australia og Irak i juni – er nok. Kanskje treng dei ikkje det eingong, ettersom dei har ein overlege målskilnad.
Asia har fire plassar i VM, pluss at det femte beste laget også kan kome dit via playoff. Bak Japan i gruppe B er det ufatteleg jamnt, etter at Australia og Oman spela 2–2 tysdag. Også Jordan og Irak er for fullt med i kampen.
I gruppe B har Usbekistan og Sør-Korea eit lite overtak etter sigrar tysdag, men Iran og Qatar har også alt å kjempe for. Til og med Libanon kan framleis kome til VM.
Gruppespelet i Asia blir avslutta med dei tre siste rundane i juni.
VM i juni/juli neste sommar skal ha 32 deltakande land. Ingen er enno kvalifisert, utanom Brasil som arrangør.